Diskusjon:Slektsnamn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er slektsnamn synonymt med etternamn? Patronym (patronymikon) er ikkje slektsnamn, men dei er etternamn. I andre kulturar enn dagens norske kan (kunne) stadnamn og yrke verte bruka til etternamn. Men dei var ikkje slektsnamn. Ut frå det eg har sett gjennom eiga amatørmessig slektsgransking var slektsnamn opphaveleg ein borgarleg skikk som vart vanleg rundt førre hundreårsskiftet. Resten av folket brukte gardsnamn eller patronym (farsnamn) til etternamn. - Knut 23:53, 30 mars 2007 (CEST)

  1. Nei, «etternamn» er ei vanskeleg affære... «Bartók» er eit slektsnamn, men ikkje eit etternamn. (Den kjende komponisten heitte «Bartók Béla», med slektsnamnet først.)
  2. Det du seier om slektsnamntradisjonar stemmer bra for Noreg. Men her skal vi skrive Wikipedia på norsk meir enn Wikipedia for Noreg, og da lyt perspektivet — og utgangspunktet òg — vera vidare. Slektsnamn var for eksempel vanlege i det muslimske og jødiske Spania allereie i mellomalderen. Om slektsnamnet står først, sist eller midt i namnet er mindre vesentleg i globalt perspektiv.
  3. Som kategori er etternamn vanskeleg (det er fleirtydig og i mange fall (som ved spesifikke patronymika) uinteressante som kategoriobjekt), men slektsnamn er nyttig.
Vi diskuterte elles dette før ein eller annan stad her på Nynorsk Wikipedia, men eg kan ikkje komma på kvar det gjekk føre seg. -- Olve 00:17, 31 mars 2007 (CEST)
Av same grunn bør vi unngå kategorinamntypen «Førenamn ...» og heller bruke «Personnamn ...» -- Olve 00:18, 31 mars 2007 (CEST)
Etternamn kan være vanskeleg, perspektiv er endå vanskelegare. Ein som er alt for opptatt av perspektivet mistar fokus på detaljane. Ein som er veldig opptatt av detaljar vert ofte nøydd til å slippe det globale perspektivet. Eg var opptatt av ein detalj, patronymet. Som er eit personnamn (og kanskje kan kallast eit familienamn) men ikkje eit slektsnamn. Men her vil det vere skilnader mellom geografiske område, mellom tidsperiodar og mellom ulike lag av folket - i Noreg, og sikkert i andre land. Vi får lese og bli klokare etterkvart som artiklane er skrivne. - Knut 10:21, 31 mars 2007 (CEST)