Diskusjon:Slimålar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er ein slimål? Kor lever slimålen? Kor er kjeldene? Om dei ikkje dukkar opp, vil eg føreslå sletting. For eg har aldri høyrt ordet som anna enn eit skjellsord, eller eit kallenamn for ål, bortsett frå nb:, som heller ikkje fortel meg særleg mykje om kva skilnaden er, mellom denne fisken og det eg kjenner som ål. Kan henda at det finst tusenvis av kjelder, men då må dei leggjast inn her. --Tannkrem 00:24, 16 februar 2007 (CET)

Det interessante må vere å fortelje kva slimålen er, ikkje kva skilnaden mellom ål og slimål er. Men elles er eg samd med deg i at artiklar som seier så lite som denne, mest er til utskammels, når vi samanliknar med kva dei skriv på andre språk. Då eg var ung vann slimålen ei avrøysting i nitimen om å bli Noregs nasjonalfisk, men redaksjonen underslo røystene, så nummer to vann. Så mykje for demokratiet! - Knut 00:34, 16 februar 2007 (CET)
Det er viktig å definera kva skilnaden på ål og ål er, så lenge denne artikkelen hevdar at ål er to ulike fiskar. Om det ikkje er to ulike fiskar, bør artikkelen liggja under ål. --Tannkrem 01:05, 16 februar 2007 (CET)
Tannkrem, eg veit at me skal ta alt i beste meining, men no gjer du det vanskeleg for meg. Når det står at ål er eigentlege beinfiskar, mens slimål tilhøyrer kjevelause fiskar, så bør du kunne skjøna at det er to ulike grupper dyr. Eg vågar den lite pedagogiske påstanden at du no gjer deg dummare enn du faktisk er. Om du vil vite skilnaden på ål og slimål må du truleg finne deg i å lesa to artiklar uansett. Og om du synest at bokmålsartikkelen heller ikkje er god nok og bør slettast er du berre vrang. --Ekko 09:30, 16 februar 2007 (CET)
Eg er framleis ikkje sikker på kva "min" ål er, om det er ein ("vanleg") slimål eller ein ("vanleg") ål, men eg trur det var ål eg fanga då eg var liten. Eg har prøvd å finna det ut ved å lesa to artiklar, men me har berre ein, og nb: har bittelitt meir enn ein. Men no er det jo ei kjelda her, akkurat slik eg forlangte. Så då føreslår eg ikkje sletting i det heile. --Tannkrem 14:04, 16 februar 2007 (CET)
Denne artikkelen tek for seg ei heil klasse med virveldyr. Dersom du vil ha svar på spørsmåla dine bør du gå på artsnivå. Og det står i artikkelen at det berre fins ein art slimålar i Noreg, nemleg slimål. Så kan du lese artsskildringa der og avgjera om dette stemmer med dyret du såg. Men ein artikkel om ein heil dyreklasse (sjølv om han er særs liten) må nødvendigvis bli litt upresis når du tenkjer på eit enkelt individ. --Ekko 15:55, 16 februar 2007 (CET)
Då eg starta diskusjonen, var slimål omdirigert hit, slik er det framleis på nb:. Lenkja som du la inn i dag svarte forresten på spørsmålet mitt, så eg er nøgd. :-) --Tannkrem 16:15, 16 februar 2007 (CET)