Diskusjon:Sludd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Biletet bør vekk. For det første seier biletteksten noko anna enn det skildringa frå fotografen seier (han seier is med frose sludd oppå). For det andre trur eg ikkje skildringa til fotografen er rett heller, det ser meire ut til at det berre er gamal snø. --Ekko 11:45, 3 mars 2008 (CET)

Hmm, du har visst rett. Eg syntest det såg ut som noko som kunne vera frose sludd, men «sleet» tyder noko anna i usansk engelsk og fotografen er frå USA, så ut går det. --Ranveig 12:21, 3 mars 2008 (CET)

Stålis? Av sludd?? Skeptisk - --Knut 17:32, 3 mars 2008 (CET)

Ja, når vadlasletta frys så får me stålis, det veit alle vestlendingar. :-) --Tannkrem 17:50, 3 mars 2008 (CET)

Arbeidstilsynet: Når rent vann fryser dannes stålis. Ofte dannes det vi kaller sørpeis av en blanding av snø og is. Stålis er sterkere enn sørpeis. Mørk sørpeis er nesten like sterk som stålis, mens lys sørpeis, som dannes av snø som ikke er mettet med vann, er svakere. Jo lysere, desto svakere. Sludd som frys, vert ikkje det sørpeis? - -Knut 22:43, 3 mars 2008 (CET)

Ein kan nok få danna begge deler vil eg tru. Sludd legg seg jo vanlegvis ikkje på bakken, men smeltar raskt til vatn. Med underkjølt sludd kan ein framleis få danna stålis så lenge det er mykje vatn og lite snø innblanda (vadlasletta). --Frokor 22:51, 3 mars 2008 (CET)
Skal ein vera riktig spissfindig så må vel sludd som ikkje renn vekk på bakken liggje attende som slaps? I alle fall før det evt. frys og blir til is? --Ekko 23:08, 3 mars 2008 (CET)