Diskusjon:Soake

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg fjerna ein del tekst som var forkynnande. Wikipedia er eit leksika, ikkje eit religiøst krosstog, men ein slik artikkel treng kjelde snarast om den ikkje skal verte sletta, sjølv fann eg berre ein avisartikkel i Vårt Land. --Anders 16:54, 5 juli 2007 (CEST)

Ser absolutt ingen grunn til å slette denne. Dersom ein googlar på soak+god, finn ein over 1,6 millionar treff[1]. Ei anna sak er at artikkelen ikkje var skrive i Wikipedia-stil opprinneleg. Men da synest eg det er betre å rettleie nye brukarar i staden for å demotivere dei ved straks å rope «slett, slett». --Erlend 20:06, 5 juli 2007 (CEST)
«Ikkje wikipediastil»? Rein forkynning. Og eg ser ingen grunn til at me skal vera ulønna skribentar for predikantar (heller ikkje politikarar, akvaristar eller andre med sterk trong til å spreie bodskapen, men liten trong til å lage leksikon). Og 1,6 mill. treff på engelsk er jo meiningslaus argumentasjon for ein artikkel i nynorsk wikipedia. --Ekko 22:05, 5 juli 2007 (CEST)
Korfor skal ikkje 1,6 millionar engelske treff ha noko å seie? --Erlend 22:47, 5 juli 2007 (CEST)

Einig med Erlend. Nye brukarar, også dei som ikkje er heilt perfekte frå byrjinga av, kan hjelpa oss å dekka fleire emne enn me ville gjort utan. Men når det gjeld tittelen på artikkelen, trudde eg først det var snakk om ei ukjend øy i Stillehavet eller noko slikt. Flytting til Soaking ville i det minste fått fram at det er snakk om ei handling. Men finst det ikkje noko godt norsk namn? --Ranveig 00:10, 6 juli 2007 (CEST)

Ad treff på engelsk: dette er rein statistikk på kor ofte to ord står på same nettside. Å nytte det som prov på forekomsten av eit fenomen er totalt underleg. Eg får assosiasjonar til karen som lagde statistikk på forekomsten av ein krefttype og forma på den norske kystlina. Han fann ein samvariasjon..... (Eg fann 1,77 millionar treff på søket bath+demon, det blir nok ein artig artikkel.) --Ekko 09:38, 6 juli 2007 (CEST)
Dersom du ser på kva treffa handlar om, ser du lett at iallfall dei første sidene er relevante, og at soaking er eit etablert omgrep. Ranveig: Einig i at soaking er betre dersom vi ikkje finn eit godt norsk namn. «Kontemplativ bønn» var jo nemnt, men veit ikkje kor mykje betre dét er heller. --Erlend 11:22, 6 juli 2007 (CEST)
Eit alternativ kan vera å bruke «djupdykking» slik som Vårt Land, om ein ikkje synest dét blir å skapa nyord. --Erlend 11:36, 6 juli 2007 (CEST)
«Dersom ein googlar på soak+god, finn ein over 1,6 millionar treff» er og blir meiningslaus argumentasjon. Dersom du ynskjer å se på kvaliteten på treffa, får du gjera det sjølve og argumentera ut i frå det du finn, og ikkje overlata det arbeidet til lesaren din. --Ekko 11:26, 6 juli 2007 (CEST)
Eg har sett på dei første treffa, ja, som du forstår. --Erlend 11:36, 6 juli 2007 (CEST)
Men då må du ikkje argumentera med talet på vilkårslause treff! Då skriv du; Fordi A og B skriv x og y, meiner eg dette er eit vettugt ord å lage artikkel om. kan eg vurdera om eg er samd i vurderinga di eller ikkje. --Ekko 11:47, 6 juli 2007 (CEST)