Diskusjon:Sogndal Fotball

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

desember 2006[endre wikiteksten]

Her har det blitt linka til sider på no. for ein del spelarar. Er slikt greitt, ikkje greitt, eller betre enn at det ikkje står noko? -- Roger 11:51, 17 desember 2006 (CET)

Eg tykkjer ikkje det er greit. Utlenkjene skal ikkje ta opp plassen til internlenkjer. Det er allereide interwikilenkje til artikkelen om laget, så vegen til også desse artiklane er ikkje lang i noko tilfelle. Viss nokon vil spreie den informasjonen om spelarane som ligg i artiklane på no: er dei velkomne til å omsetje artiklane til nynorsk og leggje dei inn her. --Jorunn 12:07, 17 desember 2006 (CET)
Einig. Dessutan ser ein ikkje utan vidare at nynorskartikkelen manglar. Og det er ikkje bra. --Ekko 12:09, 17 desember 2006 (CET)
Ja, det er det tyngste argumentet. Slike lenkjer kan gøyme artiklar her. --Jorunn 12:17, 17 desember 2006 (CET)
Fint, eg stør desse argumenta ja. Det siste er særs viktig. -- Roger 12:21, 17 desember 2006 (CET)
Same her. --EIRIK\diskusjon 12:38, 17 desember 2006 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:01 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Viktige spelarar[endre wikiteksten]

Kvifor er det ein bolk med utanlandske spelarar? Er dei frå utlandet viktigare eller meir spesielle enn dei lokale og nasjonale? Er ikkje lokale talent som har nådd toppen vel så viktige som importerte spelarar som andre har trent fram og som rike nordmenn har kjøpt?

Og under profilar står det om tidlegare Sogndal-spelarar som har vorte kjende i andre samanhengar. Men det står ikkje noko om at dei har gjort det medan dei spelte i Sogndal, om det var Sogndal som var «moderklubben» til spelarane (Flo-brørne kom t.d. frå ein annan sognaklubb), om dei var kjende før dei kom til Sogndal eller om dei har oppnådd gode resultat i klubben, med unntak av toppscoraren.

Viss ikkje dette vert utbetra, slik at det er synleg kvifor spelarane som er lista opp er viktigare (for leksikonlesarar, ikkje for artikkelforfattaren) enn andre Sogndal-spelarar, synest eg begge bolkane bør fjernast inntil vidare. --Tannkrem 12. mai 2010 kl. 14:27 (CEST)[svar]

Eg føreslår å fjerne bolken om utanlandske spelarar. Størstedelen av informasjonen er både ufullstendig og heilt marginal, særleg halde opp mot kor lite det er om dei spelarane som har vore sentrale for laget gjennom mange sesongar.--Migne 30. juli 2011 kl. 13:06 (CEST)[svar]
«... Sogndal-spelarar som er registrert med éin eller fleire kampar på det norske A-landslaget i fotball» - Også rimeleg uinteressant i denne samanhengen. Eit minstekrav for slikt fyllstoff må vel vera at spelarane har spela for Sogndal og landslaget samstundes? --Tannkrem 11. august 2011 kl. 00:21 (CEST)[svar]