Diskusjon:Etaten Nav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Sosialtenesta Nav)
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnet på artikkelen[endre wikiteksten]

er uheldig. (Eg anar ikkje korleis ein endrar namnet...) Under førebuing av det nye systemet, kom det til å bli kalla for Ny arbeids- og velferdsforvalting, NAV. NAV som ord fekk sitt eiga liv, men ordninga er ikkje meint å vere "ny" til evig tid. (Sjå bakgrunnsstoff nedst i artikkelen.) NAV er såleis ikkje lenger akronym, men eit ord. Artikkelen bør heite anten NAV eller Arbeids- og velferdsforvalting. (Og eg ville heller sett førstnemnde, etter som det held på å bli godt innarbeidd. Eg har snakka med folk som jobbar der, og dei har ikkje peiling på kva NAV skal stå for. Rimelegvis, viser det seg.) Hordaland 20:43, 2 desember 2007 (CET)

Men så på trynet kan dei då ikkje vera at dei vil innføre eit ord med berre store bokstavar?!? Anten må det vera forkortinga NAV (og då må det jo stå for noko), eller ordet nav. --Ekko 20:48, 2 desember 2007 (CET)
Eg har skrivi og spurt. --Ekko 20:55, 2 desember 2007 (CET)
Jau, det kan dei. stykkjet 20:57, 2 desember 2007 (CET)
Artikkel i Aftenposten --Anders 21:12, 2 desember 2007 (CET)
Det er mogeleg at eg må underteikne eposten til Språkrådet med "Sur i Bødalen" eller noko slikt, men korleis skal eg læra ungene at det ikkje heiter SAS Hotellet, Morten's Bilvask eller anna fjas når det offentlege gjer slikt? --Ekko 21:41, 2 desember 2007 (CET)
Hadde vore interessant å vite om Språkrådet har noko som helst formell makt. Skulle tru at statlege (og kommunale) vesen måtte i det minste be om råd derfrå, før dei gjer slikt som dette.
Det vart forresten nemnt i Aftenposten at ein hadde tankar om å la N stå for Norsk eller Norges. Argumentet imot var særs svakt: NAV skal også ha med ikkje-statsborgarar å gjere. Kva så? Etaten er likefullt norsk! Det neste vert kan hende at norske ambassadørar ikkje lenger kan kallast for norske, då dei har med utlendingar å gjere.
Takkar for rask respons på innlegget mitt oppom! Hordaland 22:10, 2 desember 2007 (CET)
Og då fekk eg faktisk likelydande svar frå Nav og Språkrådet. Ettersom avsendarane ikkje er informert om at eg legg ut meldingane her, fjernar eg signaturane:
Nav: Hei, som det kjem fram i artikkelen du visar til, er det ikkje ei forkorting, men skal sjåast på som eit eigenamn.
Språkrådet: I Statsspråk, bladet for godt språk i staten, hadde me mykje om dette Nav-namnet i fjor. Ut frå det dei sjølve seier, er namnet inga forkorting, og då er "Nav" den einaste rette skrivemåten.
--Ekko 18:31, 3 desember 2007 (CET)

Jau, no er eg i ein liten reverteringskrig på bokmål wikipedia om Nav kontra NAV. Kategorinamnet er endra til Nav etter at eg siterte svara frå Språkrådet og Nav oppom, men Nav får ikkje stå i artiklane. No har eg skrive til post @ nav.no og spurt (høfleg) når dei har tenkt å rette seg etter reglane i samfunnet. Får sjå om dei svarer. Dette til orientering. --Hordaland 20:42, 16 desember 2007 (CET)

Så fekk eg eit langt svar. Namnevalet tek "omsyn til brukaren og ikkje språkforskaren" fekk eg vite. Der fekk me den. Noko av «argumentasjonen» er heller absurd: "KS, tidlegare ei forkorting for Kommunanes Sentralforbund, er ein tilsvarande konstruksjon der et namn beståande av store bokstaver skaper ein tydeligskap som Ks ikkje gir." Og korleis skulle ein uttale Ks? Kiss, kanskje?
Kanskje svarar eg at eg har liten respekt for eit offentleg organ som ikkje har respekt for eit anna offentleg organ, med kopi til språkforskaren Språkrådet. --Hordaland 20:52, 21 desember 2007 (CET)
Dette Nav-svaret må du skrive meir om. Parallellen til KS («Kå-Ess)»- tyder den at NAV skal uttalast «Enn-A-Ve»? Og for meg, som ikkje er språkforskar, men ein potensiell Nav- (eller N-A-V)-brukar, er det av omsyn til meg at dei går sine eigne vegar i namnebruken? Eller er det brukarar i eigne rekkjer dei har i tankane??- Knut 21:06, 21 desember 2007 (CET)
Og Nav svarar tydelegvis i hytt og vær. Ein får håpe og tru at dei ikkje gjer det i trygdesaker òg. Ein blir jo litt himmelfallen av slik arroganse, men det passar jo med ein etat som har eit rykte for å te seg som «det er me som bestemmer, så ikkje bry deg». --Ekko 21:32, 21 desember 2007 (CET)

Knut, du er kan hende interessert i å sjå heile teksten:

Hei

NAV er ein stor og mangslungen organisasjon med eit utal einingar med ulike funksjoner. Av omsyn til brukarar av våre tenester var det naturleg for oss å etablere eit felles namn uavhengig av funksjon. At namnevalet fall på NAV heng saman med departementet sin arbeidstittel for heile reformprosessen, Ny Arbeids- og Velferdsforvaltning.

NAV-konstruksjonen er kompleks med ei samansetning av statlege og kommunale aktørar. Det er to tidlegare statsetatar på den eine sida, desse har no blitt til Arbeids- og velferdsetaten, og den kommunale sosialetaten i den enkelte kommune på den andre sida. Saman utgjer desse heile forvaltninga som er gitt namnet NAV. Eitkvart lokalt møtepunkt for brukaren er gitt namnet NAV + kommune/bydelsnamn.

Namnevalet er med andre ord eit omsyn til brukaren og ikkje språkforskaren. Vi ser stadig at namn vert skrive med store og små bokstaver om kvarandre. At vi har valt å skrive NAV med store bokstaver gir oss ein tydelig identitet og skil oss frå alt det andre som er knytt til nav som ord eller som eigenamn på andre organisasjonar. KS, tidlegare ei forkorting for Kommunanes Sentralforbund, er ein tilsvarande konstruksjon der et namn beståande av store bokstaver skaper ein tydeligskap som Ks ikkje gir.

NAV-namnet har vore lett å "selje inn", då det har plassert seg på minnet hos det norske folk og i media på svært kort tid.

Voner dette har gjeve deg nokre svar.

Med helsing

Og det var som svar på dette:

Ifølgje både Nav og Språkrådet er Nav no blitt eit norsk substantiv, eit eigennamn. Det er jo ikkje høve til å lage eit ord med kun store bokstavar i.

Dette er drøfta på norsk Wikipedia, m.a. her: http: //nn.....; Utdrag og konklusjon:

Og då fekk eg faktisk likelydande svar frå Nav og Språkrådet. Ettersom avsendarane ikkje er informert om at eg legg ut meldingane her, fjernar eg signaturane:

Nav: Hei, som det kjem fram i artikkelen du visar til, er det ikkje ei forkorting, men skal sjåast på som eit eigenamn.

Språkrådet: I Statsspråk, bladet for godt språk i staten, hadde me mykje om dette Nav-namnet i fjor. Ut frå det dei sjølve seier, er namnet inga forkorting, og då er "Nav" den einaste rette skrivemåten.

På nettstaden dykkar brukar de logoen med berre små bokstavar: nav; han er fin. Elles overalt brukar de akronymet NAV med berre store bokstavar.

Eg las i Aftenposten < http: //.... > at de hadde vurdert å la N-en stå for Norsk og halde på akronymet. Det hadde vore ei grei løysing, tykkjer eg. Men det har de altså ikkje gjort. (Argumentet imot, om Aftenposten har det rett, er særs svak: "En diskusjon om bokstaven "N" kunne stå for norsk eller Norges ble forkastet, bl.a. fordi etaten skal hjelpe folk med og uten norsk statsborgerskap." Sjølvsagt er etaten norsk!)

Samfunnet krev at vi alle følgjer visse reglar. Ein skulle tru at ein så stor aktør som Nav også ville og måtte følgje reglane i samfunnet. Kvifor held de på akronymet, og har de tenkt å rette opp dette?

Med helsing

--Hordaland 11:16, 22 desember 2007 (CET)

Fleire nav[endre wikiteksten]

Her ser det ut for at det er bruk for ei fleirtydingsside:

  • Hjulnav
  • Ny arbeids- og velferdsforvalting
  • Nav i nettverk (en: hub)

Synspunkt? --Sigmundg 12:26, 23 mars 2008 (CET)