Diskusjon:Sovjetisk språkpolitikk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Sovjetisk språkpolitikk[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Er setninga i siste bolken: «Khrusjtsjov si maktovertaking resulterte i den mest markante forverringa i den sovjetiske språkpolitikkens historie» nøytralt formulert? Eller var den nemnte språkpolitikken udiskutabelt negativ? -Knut 19:46, 18 august 2007 (CEST)

Nei, du har rett, det er ikkje nøytralt formulert. Eg skal endre det. Trondtr 08:12, 19 august 2007 (CEST).

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For Utan atterhald, riktig god! --Ekko 18:08, 18 august 2007 (CEST)
  • For For --Gunnernett 18:31, 18 august 2007 (CEST)
  • For ForHogne 23:31, 18 august 2007 (CEST)
  • For For. --EIRIK\diskusjon 01:15, 19 august 2007 (CEST)
  • For For - Knut 10:20, 19 august 2007 (CEST)
  • For For --Sigmundg 11:04, 19 august 2007 (CEST)
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006

Biletmaterialet[endre wikiteksten]

Eg skulle heller ha sett bilete av skolebøker (eller -bygningar), tospråklege gateskilt, o.l., og utdrag av alfabet, enn smilande pionerar, som høyrer heime andre stader. Men vi får la dei stå til vi har noko betre. Trondtr 3. mai 2006 kl. 06:06 (UTC).

Hmm, dette var ikkje så lett. Eg skanna framsida til ei bok frå 1984, og to sider frå ei bok frå 1992 (dei to sidene har eg ikkje lasta opp), begge gjeve ut i Sovjetunionen (den siste i Russland?). Hadde eg teke bilete av dei hadde det vel vore greitt, men for å få eit betre resultat skanna eg dei inn. No veit eg ikkje heilt om eg må kontakte forfattarane for å få lov til å attgje biletet av boka? Trondtr 21. juli 2006 kl. 14:42 (UTC).
Det skal ikkje vera lett, nei. Dei nyaste sidene er heilt sikkert verna av opphavsrett. Om me likevel skal ha dei med, bør det i så fall vera på eit foto der fleire verk er blanda, slik at det blir meir din komposisjon. Bildet du allereie har lasta opp trur eg er greitt. -- Ranveig 22. juli 2006 kl. 08:49 (UTC)

Vurdering av den sovjetiske språkpolitikken[endre wikiteksten]

Erling skriv i kommentarloggen: «Nasjonalitetspolitikken>språkpolitikken - det verste i n.pol. var vel deportasjonane under Stalin?». Til det har eg to kommentarar:

  1. Dei kollektive deportasjonane av heile folk (krimtatarar, tsjetsjenarar, volgatyskarar, ...) var sjølvsagt eit ufatteleg overgrep for dei folka det ramma. Eg ser dette likevel meir som eit utslag av den paranoide stemninga rundt og etter andre verdskrigen enn eit utslag av ein allmenn nasjonalitetspolitikk. Det verste med nasjonalitetspolitikken var etter mitt syn avrettinga av store delar av intelligentisiaen i dei ulike minoritetsrepublikkane, dei vart skulda for «borgarlege avvik», «kontakt med imperialistmakter», osb. Det siste var forresten ofte sant, fleire av språk- og nasjonalitetsaktivistane i dei finskugriske republikkane hadde t.d. kontakt med finske filologar. Konsekvensane av denne avrettinga på dei som vart att hang lenge i, då eg var stipendiat i den mariske republikken på tampen av Sovjettida fekk eg høyre nett at no hadde dei kontakt med språkforskarar frå vest, dvs. det same som hadde gjeve dødsstraff litt over 50 år tidlegare.
  2. Temaet for denne artikkelen er språkpolitikken, ikkje nasjonalitetspolitikken. Det einaste dømet på betre utbygde språklege rettar enn det dei sovjetiske minoritetane hadde fram til Khrusjtsjov, som eg kjenner til, er dei som tilhøyrer tidlegare eliter (finlandssvensk), eller er lokal majoritet i sambandsstatar (fransk i Quebeq). Og i desse tilfella var det ein selektiv politikk: Både Finland og Canada hadde andre språklege minoritetar, minoritetar som først i dei siste åra har fått oppfylt dei mest elementære språklege rettar (fridom frå analfabetisme på eige språk).

Verdas beste eller ikkje er forsåvidt ikkje det mest interessante med den sovjetiske språkpolitikken. Det eg ser på som interessant er proporsjonane, det at eit krigsherja og (i den relevante perioden) relativt fattig land klarte å skape skriftspråk, språkleg infrastruktur og undervisning til ca. 140 språk i løpet av ein femtenårsperiode. Det er dette Indonesia, Nigeria, Sør-Afrika, osb. bør studere med interesse. Trondtr 10:28, 21 august 2006 (UTC).

Vi er ikkje sakleg usamde. Det verste ved sovjetisk nasjonalitetspolitikk var deportasjonane av heile eller delar av visse folkeslag og avrettinga av delar av intelligensiaen i minoritetsrepublikkar, og ikkje språkpolitikken. Derfor er det etter mitt syn betre å skrive det verste i sovjetisk språkpolitikk enn det verste i sovjetisk nasjonalitetspolitikk i den samanhengen vi her diskuterer. Som du seier var det elles mykje bra i sovjetisk språkpolitikk i den tidlege fasen. Vennleg helsing og takk for kjempebra artikkel frå --Erling 12:07, 21 august 2006 (UTC)