Diskusjon:Spanias kommunistiske parti

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tykkjer Barend gjer eit viktig arbeid med å få meir system i nemninga av parti. Men korfor endre Spanias Kommunistiske Parti med store forbokstavar til Spanias kommunistiske parti med små? Er det nokon regel som tilseier det? Det heiter vel for eksempel Norges Kommunistiske Parti med store? --Erling 18:20, 9 april 2007 (CEST)

Hovudregelen på norsk slik han blir bruka bl.a. i katalogisering er at samansette organisasjons- og føretaksnamn har berre éin stor forbokstav med mindre andre leddet er eit stadnamn og første leddet ei geografisk underdeling av dette stadnamnet: Det osmanske riket, Kristiansund folkebibliotek, Den kongelige norske vaffelorganisasjon; men Indre Sunnfjord astronomilag (oppdikta). Hovudunntaket er når ein organisasjon har hevd på unntak frå denne regelen — slik som Det Norske Samlaget... Her kan ein nok hevde at Norges Kommunistiske Parti har hevd på dei unødvendige storbokstavane, men ein kan vanskeleg hevde at eit spansk parti har nokon slik hevd på norsk. -- Olve 21:58, 9 april 2007 (CEST)

OK. Men då er det mange organisasjonar som bryt med denne regelen, såleis òg f. eks. Sosialistisk Venstreparti...--Erling 22:09, 9 april 2007 (CEST)

Ja, det er ein temmeleg tynn regel i praksis... :-( Olve 22:16, 9 april 2007 (CEST)
Norske organisasjonar og føretak vedtek sjølv kva dei skal heita på norsk, og som oftast står namnet i vedtektene til organisasjonen. Så dei vel jo sjølv kor mange store bokstavar dei vil ha. Om ein norsk organisasjon kallar seg "jA Til Skrive og/Eler OORD DelingS feIl" eller "Aker Kværner", så bør og ein eventuell Wikipedia-artikkel om organisasjonen heita det. Om NKP ikkja hadde vedteke dei store bokstavane, men berre brukte dei, kunne me ha snakka om hevd. Men vedtektene er lovene til ein organisasjon, og har ingenting med hevd å gjera. Spanias Kommunistiske Parti har nok ikkje vedteke eit nynorsk namn, så då høver det best med ei mest mogleg direkte omsetjing av det spanske eller engelske namnet. Og på spansk har partiet store bokstavar, det bør det difor òg ha på nynorsk. Og det heiter Det Spanske Kommunistpartiet eller, meir direkte omsett, Kommunistpartiet i Spania, ikkje Spanias Kommunistiske Parti. Og iallfall ikkje Spanias kommunistiske parti. Meiner eg. Med ei mest mogleg direkte omsetjing, vil me vonleg unngå konflikt dersom to parti i same land har liknande namn. Dei fleste land har vel meir enn eitt parti som kallar seg kommunistisk. --Tannkrem 22:23, 9 april 2007 (CEST)
For det første, når det gjeld store bokstavar: Det har vore diskutert før, då var det eg som ville ha store bokstavar, men eg vart irettesett og fortalt dei norske reglane, slik Olve gjorde her no. Det ligg arkivert på Samfunnshuset ein stad. Eg drog konsekvensen av dette.
For det andre, eg er einig i det Tannkrem skriv eit stykkje på veg, men ikkje i konklusjonen "fordi det har store bokstavar på spansk skal det ha det på nynorsk." Omsetjing inneber å omsetja spanske konvensjonar til norske konvensjonar. På spansk er konvensjonane at parti har store bokstavar i alle ord, på nynorsk at dei har det i første ordet. Ei god omsetjing vil difor ha stor bokstav berre i første ordet.
For det tredje, kva er mest direkte omsetjing av Partido Comunista de España? Eg meiner heilt klart at det blir Spanias kommunistparti eller Spanias kommunistiske parti. de España blir i praksis ein genitivskonstruksjon på spansk. Hvis det skulle ha vore Det spanske kommunistpartiet måtte det ha vore Partido Comunista Español. Skulle det ha vore Kommunistpartiet i Spania måtte det ha vore Partido Comunista en España.--Barend 23:54, 9 april 2007 (CEST)
For det fjerde: Eg er heilt einig med Tannkremi at omsetjingar bør vera mest mogleg direkte. "Med ei mest mogleg direkte omsetjing, vil me vonleg unngå konflikt dersom to parti i same land har liknande namn. Dei fleste land har vel meir enn eitt parti som kallar seg kommunistisk." Heilt einig. Problemet er at det nesten aldri fins ei udiskutabelt korrekt omsetjing, som usemja av omsetjinga av dette partinavnet syner. Og dermed er me inne på diskusjonen som gjekk ei stund på Diskusjon:Kommunistische Partei Deutschlands for ei tid sidan: Bør partinavn vera på originalspråket? Det er einaste måten å unngå diskusjonar om riktige omsetjingar. På den andre sida kan det føra til uhandterlege artikkeltitlar - kva er til dømes det kinesiske kommunistpartiet på kinesisk? Forrige gong døydde denne diskusjonen ut utan noko semje. Hvis nokon har smarte tankar om temaet hadde det vore kjekt å høyra dei. Enn så lenge ser det ut til at både eg og Erling har bestemt oss litt frå parti til parti, når me har skrive slike artiklar.--Barend 00:06, 10 april 2007 (CEST)
Eg kan ikkje spansk, så det kan godt henda eg tek feil både når det gjeld store bokstavar og når det gjeld rekkefølgja og grammatikk i namnet. Og argumentet mitt om at organisasjonar generelt står fritt til å vedta namn som er i strid med gjeldande rettskriving, er jo ikkje relevant for parti som ikkje har nynorsk namn. --Tannkrem 19:50, 10 april 2007 (CEST)