Diskusjon:Språk i Den europeiske unionen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snevert emne?[endre wikiteksten]

Hadde det ikkje vore betre at artikkelen heitte «Språk i EU» el.l. og i tillegg til å lista opp dei offisielle språka tok for seg korleis ein driv EU på fleirspråkleg vis? --Ranveig 12:01, 2 januar 2007 (CET)

Du tar opp to poeng. Til det første: Nei, «Språk i EU» er noko heilt anna, der har vi for det første alle dei opprinnelege språka i EU, frå skoltesamisk via baskisk og galisisk til gaugauzisk og bulgarsk, og for det andre alle nye innvandrarspråk. Det som er viktig med dei offisielle språka er nett at dei er offisielle, og dermed er i bruk på visse område der dei andre språka ikkje er. Nokre er rett nok litt meir offisielle enn andre, det kunne vi ha teke med. Til det andre: Ja, ein diskusjon om korleis EU fungerer hadde vore flott. Trondtr 18:19, 2 januar 2007 (CET).
Men Språk i India handlar om både språk som blir tala i landet og den offisielle statusen dei har eller ikkje har. Eg ser ikkje at eit litt vidare fokus gjer artikkelen dårlegare. --Ranveig 18:54, 2 januar 2007 (CET)