Diskusjon:Den norske språkstriden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Språkstrid)
Hopp til navigering Hopp til søk

"Bokmålshegemoniet verkar slik at mange som objektivt talar ein dialekt der alle grunntrekka er meir i samsvar med nynorsk enn med bokmål, likevel ikkje vil bruke nynorsk. Det blir ofte bruka som argument mot nynorsken at han i liten grad er å sjå utanom skulen. På den måten blir resultatet av diskrimineringa av nynorsken i det offentlege rommet, ikkje minst i massemedia, eit argument mot nynorsk i skulen og i personleg bruk au. I mange store aviser og vekeblad er det framleis redaksjonelt forbod mot nynorsk. I mange små er det i praksis nærpå likeins, også i språknøytrale og språkblanda kommunar. Nynorsk skriftmål blir "vanskelegare" å lære når det er så sjeldan å sjå, og såleis er språkstriden i stor grad eit spørsmål om makt, og ingen fri debatt på like vilkår."

Dette passer betre som lesarinnlegg. Kva med å i staden sitere nokon som meiner dette? "Redaksjonelt forbod mot nynorsk" er eit veldig polemisk uttrykk for det faktum at aviser og vekeblad sjølv bestemmer hvilket språk dei vil bruka. T.d. utkommer The Times på engelsk, og ikkje på norsk. Om eg fekk jobb i The Times ville eg ha "forbod" mot å skriva norsk. Det er likeins for norske aviser. Aftenposten utkommer t.d. på riksmål, og journalistane får difor ikkje skrive morsmålet sitt om dei har eit anna (urdu, nynorsk, samisk, svensk). Dei får betalt for å skriva det språket som avisa blir publisert på. Wolfram 10:38, 27 august 2006 (UTC)

Dei skriv nynorsk i Aftenposten når det passar dei. Truleg meinar dei at lesarane forstår nynorsk, noko dei i The Times neppe ville tru gjalt ein veldig stor del av lesarane sine.-Jorunn 11:10, 27 august 2006 (UTC)
Det er eit eksternt bidrag frå Hans H. Skei, som ikkje er ansatt i Aftenposten, men som professor ved UiO. Skandinaviske aviser plar ta inn eksterne bidrag på den målforma som dei blir sendt inn på (t.d. kan man au lesa artikler på svensk og dansk i Klassekampen). Noko anna er kva dei betalar journalistane sine for å skriva. Wolfram 11:26, 27 august 2006 (UTC)
Wolfram, at du er riksmålsforkjempar har me skjønt. Vær grei å legg vekk polemikken. Dei tre første setningane i første innlegget ditt er greie (eg er òg einig med deg der), men å late som om du ikkje kan skilje mellom nynorsk og urdu, vri debatten over på innhaldet i Aftenposten språkpolitikk osb. er berre retorikk. --Ekko 11:35, 27 august 2006 (UTC)
Eg meiner innhaldet i avsnittet Wolfram reagerer på er objektive fakta, og eg kjem ikkje til å endre noko av det. --Erling 12:05, 27 august 2006 (UTC)
Eg synest engelsk wikipedias retningsline om No original research er god. Kort oppsumert seier den at her skal ikkje stå ein einaste original tanke eller liknande. Om du meiner det er fakta du har skrive (og eg er ikje ueinig der) bør du finna ei kjelde for observasjonen. Ein artikkel eller bok kor spørsmålet er drøfta. --Ekko 12:17, 27 august 2006 (UTC)
Tilvising: Lenkje til artikkelen "Slepp nynorsken til", som omhandlar kampanjen med same namnet, ein kampanje som fekk brei støtte. Bakgrunnen for denne kampanjen er akkurat dét det omtala avsnittet i artikkelen "Språkstrid" handlar om. --Erling 14:01, 27 august 2006 (UTC)
Men Erling, ein annan artikkel på Wikipedia er vel knapt nokon primærkjelde? Og Wolfram har faktisk eit poeng, artikkelen framstår som polemisk i forma. Til samanlikning synest eg den engelske artikkelen framstår som informativ og balansert. --Ekko 14:16, 27 august 2006 (UTC)
Artikkelen "Slepp nynorsken til" har au ymse eksterne lenkjer/kjelder. Derfor kan det vera greitt å vise til han. Kva er det du skal ha primærkjelder til? At jorda er rund? Det er på det nivået når nokon kan protestere mot at det er redaksjonelt forbod mot nynorsk i dei største avisene her i landet, at dette er med å gjera nynorsken mindre synleg, og at dette svekkjer han som skulemål og generelt. "Det er (---) viktig å få forståing for at stoda for nynorsk i skulen heng saman med den posisjonen nynorsken har elles i samfunnet. (---) Dei største riksavisene har framleis meir og mindre forbod mot nynorsk på redaksjonell plass." (Arbeidsprogram for Noregs Mållag 2005-08: Nynorsk som bruksspråk - synleg for alle). --Erling 14:32, 27 august 2006 (UTC)

Hovudpoenget i det omstridde avsnittet er at stiden mellom bokmål og nynorsk ikkje er ein likeverdig kamp. Dette finn eg støtte til jamvel i regjeringserklæringa til den raudgrøne regjeringa, der det mellom anna heiter: "Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter." Om artikkelen framstår som polemisk i forma, får du Ekko foreslå konkrete endringar i formuleringar, men forsøk på å nekte for fakta for å roe ned Wolfram godtar eg ikkje. --Erling 14:42, 27 august 2006 (UTC)

Eit døme på ein påstand som kunne hatt tilvising er "ingen fri debatt på like vilkår". "Forbod" er òg noko avisane blir skulda for å ha av nynorskforkjemparar, og ikkje noko dei seier dei har. Det handlar ikkje om å "nekte for fakta", men å setta rett merkelapp på påstandar. Du kan visa til regjeringserklæringa til dei raudgrøne og arbeidsprogrammet til Noregs Mållag om du vil. Wolfram 16:41, 27 august 2006 (UTC)

Det er no gjort. --Erling 16:54, 27 august 2006 (UTC)

Erling, eg trur du og eg har grunnleggande ulike oppfattingar av korleis ein god leksikonartikkel skal vera, kva som gjer den god. Etter mitt syn er artikkelen som den står no starten på ein god aviskronikk, men ingen god leksikonartikkel. Helst ville eg erstatta heile artikkelen med ei omsetting av den engelske, kor mesteparten av den noverande kunne blitt ein bolk om dagens situasjon.

Men no er eg trøyt, og eg vil gjerne få komma med eit godt og gjennomarbeida tilsvar. Difor; nok no. Eg trur heller eg kjem tilbake på Samfunnshuset med eit framlegg om at ei omsetting av No original research òg skal gjelde hos oss. Så tar me debatten der.

Og eg verken treng/trur det nytter/ser nokon hensikt med å roe ned Wolfram, eller treng/trur det nytter/ser nokon hensikt med å argumentera mot noko eg er einig med, sjølv om eg som oftast er ueinig med den som sa det. --Ekko 19:40, 27 august 2006 (UTC)

Det forundrar meg at du tykkjer så vel om ein artikkel på den engelske wikien av "Leifern" der det blir påstått at Ivar Aasen bygde landsmålet på studium av sitt eige målføre på Sunnmøre. Da dette vart retta til "a selection of dialects", retta artikkelforfattaren det tilbake. Strålande objektivt. --Erling 19:49, 27 august 2006 (UTC)
Denne artikkelen skal vere om språkstrid og ikkje om "bokmålshegemoni" eller "målreisning" osb. Den engelske utgåva er kanhende ikkje perfekt, men disposisjonen freistar i det minste å leggje til rette for ein objektiv artikkel. --83.109.78.178 23:45, 7 oktober 2006 (UTC)
Dersom du ikkje kan sjå at målreisinga er ein del av språkstriden undrar eg på kva slags definisjonar du har av desse fenomena. Og å ta vekk tekst med grunngjevinga "tullprat" er heller ikkje bra. Å komma som anonym inn i ein artikkel og eit ordskift som har vart ei stund og starte med Denne artikkelen skal vere om... er korkje bra eller lurt. --Ekko 07:28, 8 oktober 2006 (UTC)
Artikkelen er ikkje leksikal slik han fremstår no. Det er ein polemikk og ikkje stort anna. Men dykk kan gjerne halde fram med det, om det er slik den nynorske utgåva vil stå fram. --68.39.78.213 01:36, 10 oktober 2006 (UTC)
At artikkelen kan og bør bli betre er eg einig i. At me drøfter endringar på ein slik måte som du la opp til er eg ikkje einig i. --Ekko 07:06, 10 oktober 2006 (UTC)