Diskusjon:Statsnasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er redd denne artikkelen ikkje sa meg noko. «Ein statsnasjon er ein nasjon som omfattar alle innbyggjarane i ein stat, i ein stat som proklamerer at nasjonen omfattar alle borgarane i staten.» Kanskje blei denne definisjonen klårare om en definerte termane stat og nasjon? Om ein les artikkelen vår om nasjon ser ein at den står i eit litt problematisk tilhøve til denne artikkelen.

Om ein t.d. seier at Noreg er ein statsnasjon (alle norske statsborgarar tilhøyrer den norske nasjonen, heile den norske nasjonen lev i Noreg), kva då med samar, sigøynarar og romanifolk? --Ekko 18. juli 2008 kl. 08:44 (CEST)[svar]

Dette er eit komplisert tema der det ofte er uklår begrepsbruk. Somme skil mellom stat og nasjon, som i uttrykket fleirnasjonal stat, medan andre opererer med stat og nasjon som synonym, og kallar ulike etniske grupper nasjonalitetar. Ein nasjonalstat er som kjent ein stat der ein nasjonalitet dominerer talmessig og kulturelt (som Noreg), og samtidig er Noreg ein statsnasjon etter den definisjonen denne artikkelen gjev, der alle statsborgarar er nordmenn per juridisk definisjon. Dei ulike etniske minoritetane i Noreg kan då kallast nasjonalitetar som tilhøyrer nasjonen Noreg? --Erling 18. juli 2008 kl. 09:34 (CEST)[svar]
Men i gjengs bruk av ordet nasjon er er vel samane ein nasjon, delt på fleire statar? Det finst jo dei som t.d. har argumentert (godt i mine auge) for at Puerto Ricanarane utgjer ein nasjon, anten dei lev på Puerto Rico eller i New York. Eg trur det vil hjelpe på forståinga om ein fortel kven samfunnsvitar eller skule av samfunnsvitarar som innførde omgrepet statsnasjon og kva dei la i ordet. Reint semantisk må det jo tyde ein type nasjon, ikkje ein type stat, og utan at orda er synonyme. --Ekko 18. juli 2008 kl. 10:38 (CEST)[svar]
Som sagt, dette er vanskelege greier. Eg avviser ikkje Ekko sitt syn, men i faktisk bruk er det endå ugreiare. I USA kallar dei offisielt staten sin (føderasjonen USA) ein nasjon, trass i at USA kanskje meir enn noko anna land er fleirnasjonalt i den meining at det er mange ulike etniske grupper der. Om alle samar eller alle jødar i verda same kor dei bur er ein nasjon, er vel eit politisk definisjonsspørsmål meir enn noko anna. I norsk statsperspektiv er samane ein nasjonal minoritet, det vil seie ein nasjonalitet slik eg oppfattar dette begrepet. Men samtidig blir nasjonalitet på offisielt norsk (skjema osv) faktisk bruka om norsk statsborgarskap! Ugreitt...--Erling 18. juli 2008 kl. 11:12 (CEST)[svar]
Då ynskjer eg meg ein riktig problematiserande artikkel. =:-) --Ekko 18. juli 2008 kl. 11:20 (CEST)[svar]
Nasjonalismen er problematisk. Ord for ulike former for nasjonalisme er berre hjelpemiddel for å forstå fenonemet. Sjølv meiener eg nasjonalismen kan vere ein positiv kraft i eit samfunn, men vi har sett mange døme på det motsette. Arbeidet med to stutte nasjonalismeartiklar har lært meg meir om emnet, men eg skal innrømme at eg kjenner meg fagleg usikker. Difor har eg skrive stutt. Det som står, bør vere rett. - Knut 18. juli 2008 kl. 20:45 (CEST)[svar]
Jau, betre stutt og rett enn langt og feil. Det eg meinte er at det er bra om artiklane om stat og nasjon kan seie noko om dei ulike tydingane av orda. Ekko 18. juli 2008 kl. 20:50 (CEST)[svar]

Har eg forstått deg rett om eg føyer til det som står utheva: Ein statsnasjon omfattar alle innbyggjarane i ein stat, uavhengig av språk og etnisk opphav, og føreset at staten proklamerer at nasjonen omfattar alle borgarane i staten.? --Ekko 18. juli 2008 kl. 20:58 (CEST)[svar]

Ja, alle er alle. Sjølv om etniske minoritetar kan oppleve det nasjonale samhaldet på ein annan måte enn fleirtalet. --Knut 18. juli 2008 kl. 21:06 (CEST)[svar]