Diskusjon:Stavingsberande konsonant

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konsonanten l er ein god kandidat til stavingsberande konsonant, men bestemt form bill'? Då heller imperativ putl! (av "å putle", for dei som kan seie slikt). På norsk er n stavingsberande i -schwa-n -suffiks som kjem etter alveolare konsonantar (båtn, *bekkn), det bør med. Trondtr 10. februar 2010 kl. 21:12 (CET).[svar]

Takk for innspel. Eg prøver å skriva lettfatteleg, men vi bør kanskje få med litt meir presist om fonetikken. Elles kan vel lydskrift også diskuterast. Ein loddrett strek under den aktuelle konsonanten er jo vanleg. Når det gjeld dømet med bil'n/bi'l, så tar eg kanskje feil. Men Sandøy nemner på s. 31 i det nemnde verket eit døme med ubestemt og bestemt form eintal av mann. Det kan heita ein mann - ma'n. Ein parallell?
--Josros 14. februar 2010 kl. 01:54 (CET)[svar]
I Den store dialektboka skriv Egil Pettersen, som eg i si tid hadde som lærar i språkhistorie, om Bergens bymål: «I bestemt form er det særlig å merke at artikkelen gjerne faller i ord som ender på l. Denne l-en blir da stavingsbærende: sto'l, so'l.» (s. 203. Så bøyinga ein bil - bi'l finst truleg - i bergensk! Altså stavingsberande l etter vokal. I min dialekt heiter det elles bil'n. Eg kan dessutan seia ein bror - bror'n. Altså stavingsberande n etter skarre-r. Put'l går ganske greitt for meg. Men prøv med Skotl'n som vossingane kan seia om ein person frå garden Skutle!
--Josros 15. februar 2010 kl. 18:40 (CET)[svar]
Ok, er det data for stavingsberande /l/ i norske dialektar så bør det absolutt med, om ikkje anna så for å gje t.d. meg ny kunnskap! Altså: uttale av "bilen" som bil-l i staden for (som mange uttaler det) bil-n. Så ja, stavingsberande n̩ har vi i bestemt form etter alveolar konsonant, men for å finne stavingsberande l må du ha eit døme på det. Pettersen er sjølvsagt det (sjølv om han er litt uklår: i det tostava ordet mann̩ er første staing lukka, altså man-n̩. Er det slik med stu:l̩ også? Har vi bergensarar her eller andre som har hørt dette?) Når det gjeld lydskrift har du sjølvsagt rett: IPA har eit slikt symbol, og viss l-en er stavingsberande er IPA-måten å merke det på den same: [ l̩ ]. Trondtr 15. februar 2010 kl. 19:01 (CET).[svar]
Det er vel eg som er uklar, ikkje Pettersen i det aktuelle sitatet. Han brukar l med loddrett strek under, utan noko lukke mellom stavingane. Men eg har ikkje funne ein enkel måte å få fram IPA-teiknet, bortsett frå å kopiera det inn. Slik eg oppfattar det, blir l-en markert i talen som stavingsberande ved at den får bitrykk, pluss at den blir litt lengre. I min dialekt har eg som sagt ein man: - ma:n, der n i den bundne forma får bitrykk pluss lengde (og ein får skifte frå kort til lang vokal, noko som normalt skulle gi ein kort konsonant). Noko liknande er det med ein sko: - sko:dn, der vel den stavingsberande n-en er segmentert(?) Det finst mange slike, t.d. snø:dn, steidn, sjø:dn, by:dn osv. Elles trur eg kanskje IPA-teikn med forklaring i starten vil gjera artikkelen klarare enn den er no.
--Josros 15. februar 2010 kl. 20:15 (CET)[svar]

Her har eg endeleg kompetanse, sidan eg er austlending: Den siste n-en i Snekker'n og Bygger'n er ikkje stavingsberande på austlandet, eller i talemål som vert bruka når ein les bokmål, og det er vel slikt språk firmanamna har som førebilete. Begge orda har berre to stavingar, og dei to stavingane er det vokalar som ber. -Knut 16. februar 2010 kl. 12:16 (CET)[svar]

Ok, då tar eg vekk det. I vestlandske munnar er det litt problematiske namn, og det blir vel for det meste tre stavingar utan retrofleks lyd. Men det er ikkje relevant her. --Josros 17. februar 2010 kl. 21:05 (CET)[svar]
Eg minnest for nokre år sidan, då medlemsbladet Speideren endra namn til Speider'n, det møtte reaksjonar vestfrå, og det vart vel berre eit nummer eller to som hadde det namnet. --Knut 17. februar 2010 kl. 21:26 (CET)[svar]

I andre språk m.m.[endre wikiteksten]

Eg har gjort ein del endringar. Lagt til lenkje til engelsk artikkel, lagt til litt om fenomenet i andre språk, endra litt på IPA-lydskrifta (tydelegare), lagt til ein del døme som utvidar repertoaret. Skulle gjerne plassert dei ulike døma litt betre geografisk - kanskje få litt tydelegare bilete av korleis fenomenet artar seg i ulike deler av landet. Dei fonologiske reglane synest skifta frå dialekt til dialekt. Nokre går lengre enn andre. Nokre held seg truleg til regelen om stavingsberande konsonant etter t, d osv. Andre har etter k, etter skarre-r og etter vokal. Tek gjerne mot kritikk.--Josros 19. februar 2010 kl. 23:06 (CET)[svar]