Diskusjon:Storbritannia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser helst at me flytter/slår saman denne artikkelen med Storbritannia. Storbritannia er det namnet som vert brukt på norsk, sjå til dømes Caplex og Språkrådet. "Det sameinte kongedømet av Storbritannia og Nord-Irland" er ei direkteoversetjing frå engelsk - i tillegg er det himla langt å hugsa, for ikkje å snakka om å skriva! Bare mine to pennyar... -- Ranveig 9. jan 2005 kl. 12:51 (UTC)

Det burde gå bra å slå saman desse artiklane. Eg såg berre at det var gjort slik på no: og en: --Gunnernett 9. jan 2005 kl. 13:21 (UTC)
Det offisielle namnet på norsk er, ifølgje UD: Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, kortform Storbritannia. Altså ikkje kongedømet av, men kongeriket. Eg synest vi skal flytta artikkelen til det korrekte namnet, og laga ei desambigueringsside for kortnamnet Storbritannia, som kan peika både til øya og til staten. Vi bør kanskje òg ha ei omdirigering frå den "mellomlange" tittelen Storbritannia og Nord-Irland.
--Verdlanco (diskusjon) 9. jan 2005 kl. 19:47 (UTC)
Eg er einig i det sv:Storbritannien har å seia om offisielle namn. Sjå gjerne òg korleis dei har løyst problemet. Dei langt fleste som snakker om Storbritannia, meiner landet. Me kan då skriva om øya under dette, eller på ei eiga side (Øya Storbritannia)dersom det trengst? -- Ranveig 9. jan 2005 kl. 20:28 (UTC)
Nja… På sv: finn du ingen artikkel i det heile viss du slår opp på det fulle namnet på staten (Förenade konungariket Storbritannien och Nordirland). Du slå opp på kortnamnet. Dét verkar feil, synest eg.
Dersom ein klikkar på Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland hjå oss, bør ein vel helst sleppa å få opp artikkelen om øya. Men ein setning om at øya òg heiter Storbritannia, kan gjerne stå der, evt med ein peikar til Storbritannia (øy). Og då synest eg det vil vera heilt greitt om sida Storbritannia er ei enkel omdirigering til artikkelen om staten.
--Verdlanco (diskusjon) 10. jan 2005 kl. 12:50 (UTC)
Storbritannia er vel eigentleg berre ei uformell nemning på landet. Storbritannia er namnet på øya som består av England, Wales og Skottland. --Oddeivind (diskusjon) 16. september 2014 kl. 08:20 (CEST)[svar]