Diskusjon:Storleik

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvalitetssikring[endre wikiteksten]

Etter det eg kan sjå er ikkje omgrepet storleik, eller fysisk storleik, mykje brukt her på nynorsk Wikipedia. Sjølv tykkjer eg at det er eit godt omgrep som etterkvart hjelper ein i forståinga av fysiske fenomen. Artikkelen masse er etter mi vurdering eit eksempel på ein god artikkel, men der er ikkje omgrepet storleik brukt i det heile. Så det er vel eit prov på at ein godt kan klare seg utan omgrepet i skildringar av fysiske fenomen. Kva meinar andre om saka?

Storleik kan nå vera så mangt... akkurat no ser eg til dømes for meg ein utdjupande artikkel om storleikar på klede. Eit omgrep kan ha mange tydingar for mange menneske. -- Ranveig 8. nov. 2005 kl. 13:04 (UTC)

Elektrisk spenning, elektrisk straum, elektrisk motstand, fart og effekt er spirer, for å ikkje seie minispirer. Før eg eventuelt legg mykje meir arbeid i desse vil eg gjerne ha tilbakemelding på spørsmålet ovanfor. Eg tykkjer at dette er eit kjekt og lærerikt, men veldigt vanskeleg arbeid. I den samanhengheng vil eg nemne at eg, (i går trur eg det var) tok opp nokre problemstillingar rundt artikkelen radioaktivitet og i dag kom det, som ved eit trylleslag ein ny og glimrande artikkel. Det er så at ein kan bli grøn av misunning. Om dette skulle skje med desse spirene eller med ein eller to av dei, hadde det vore stas.

Det skjer nok ting etter kvart. Om du vil oppmuntra dei, kan du laga eit wikiprosjekt der ein kan samla informasjon, diskusjonar og deltakarar. Fint du likte radioaktivitet -- han var kjekk å skriva, men mykje står att. -- Ranveig 8. nov. 2005 kl. 13:04 (UTC)