Diskusjon:Studioalbum

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen handlar i røynda om popmusikk. Når det gjeld opptak av symfonisk musikk, opera, kvartettar, kor, folkemusikk osb. stemmer ikkje utsagnet: «Studioalbum har som regel god lydkvalitet». Når det gjeld opera og symfoniorkester vert dei teke opp i ein konsertsal eller eit operahus. Kvartettar kan ein sjølvsagt ta opp i eit studio og det same gjeld folkemusikk, men akustikken i studio høver ikkje særleg godt for denne type musikk. Lydkvaliteten vert ofte mykje betre (meir naturleg) når ein tek opp musikken i lokalar der han vert spela til vanleg. Dette kan vera meir krevande, med opptak i lokalar med natuleg akustikk resulterer i meir levande musikk. Som døme på plateselskap som har meistra dette kan ein nemna det norske plateselskapet 2L og det svenske selskapet Opus 3. Det bør gå klårt fram at artikkelen handlar om popmusikk og ikkje om naturleg (akustisk) musikk. --Sigmundg 18. desember 2008 kl. 01:15 (CET)[svar]

Nei, perfekt er han nok ikkje. Men så spørs det om ein kan kalla ein konsertsal eller eit operahus eit studio? Men skilnadane mellom å fange naturleg (akustisk) musikk og det du kallar popmusikk (som i jazz, pop, rock går eg ut frå) høyrer vel kanskje meir inn under ein artikkel om lydinnspeling? --Frokor 18. desember 2008 kl. 10:03 (CET)[svar]
Ja, det går fram av tittelen på artikkelen at han handlar om studioopptak, så kanskje er det ikkje så lett å missforstå som eg frykta. Men utsagnet "primitive teknikkar, og gjerne berre med eitt til fire spor" tykkjer eg ikkje noko særleg om. Eg ville bytta ut "primitiv" med "enkle". Å nytta fleire spor fører ikkje alltid til betre kvalitet, snarare tvert i mot. Fleirsporopptak kan ofte vera lite engasjerande å høyra på, men dette er vel ikkje plassen for ein slik diskusjon. --Sigmundg 18. desember 2008 kl. 16:09 (CET)[svar]