Diskusjon:Sunndalsøra

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Ujålete»?[endre wikiteksten]

Ordet ujålete er ikkje særleg veleigna i ein leksikonartikkel — det blir litt for subjektivt... Vi bør prøve å finne ein annan uttrykksmåte her... -- Olve 25. jan 2005 kl. 1900 (UTC)

Greitt det, Olve, men du skjøner kva eg meiner? Har du eit forslag til annan måte å seie det på? --Erling 25. jan 2005 kl. 1909 (UTC)

Ja, eg skjønner da kva du meiner. Har spela ein del i Sunndal spelmannslag... :) Skal prøve å tenkje på andre måtar å seie det på innimellom alt det andre. -- Olve 25. jan 2005 kl. 1912 (UTC)

Kva med: "Tettstad eller småby, folket stemte nei til offisielt å bli by ved ei folkerøysting for nokre år sidan."
Men kva er "nokre år sidan"?. Eit årstal ville vore bra... --Bep 25. jan 2005 kl. 1918 (UTC)
Skal sjekke årstalet, det er nyleg.. og skrive som Bep seier. Men eg har bruka uttrykket "ujålete" lenger oppe i artikkelen og, så vi treng eit avløysarord der. Er "folkeleg" brukande? --Erling 25. jan 2005 kl. 1933 (UTC)
«Folkeleg» hørest betre ut. Omlag same tyding, meir nøytral term. -- Olve 25. jan 2005 kl. 1937 (UTC)
"Folkeleg er eit betre ord, ja. --Bep 25. jan 2005 kl. 2031 (UTC)