Diskusjon:Sveits

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

- Sveits har ikkje noko "nasjonale motto" - Sveits har ikkje erklært sjølvstende frå Riket i 1291 (Christoph)

Det står da på både bokmålswikien og den engelske wikien at Sveits har eit motto. --Anders 16:17, 27 juni 2007 (CEST)
Wikipedia er ei dårleg kjelde. --Ekko 16:28, 27 juni 2007 (CEST)
(endringskonflikt)Wikipedia er diverre også den kjelda nytta mest [1] [2]. Men når det er sagt er det fleire brukarar på engelsk wikipedia enn det er på nynorsk wikipedia. Vi veit begge det kan vere mykje gale som står på wikipedia, men eg no vil hevde at udokumenterte utsagn er ei dårlegare kjelde enn eit dokumentert wikipedia utsagn. Her fjernar ein stoff på ein anonym si kommando utan å sjekke først. Kanskje anonyme "Cristoph" har rett, ellers har vi vorte offer for det ein kan kalle avansert hærverk... --Anders 17:27, 27 juni 2007 (CEST)
Eg veit ikkje om dette er ei god kjelde heller, men her står det at det ikkje finns sveitsisk motto. På denne engelske wikipediasida er det ei betre forklaring, som viser at mottoet som står rundt om er eit uoffisielt motto for Sveits. --Frokor 16:59, 27 juni 2007 (CEST)
Det var den eg hadde i tankane ja, det står nokre lenkjer der, men dei er på fransk.--Anders 17:26, 27 juni 2007 (CEST)
det er jo mogleg å attenderulle, og sette inn ein notis om at mottoet er eit uoffisielt motto.--Anders 17:33, 27 juni 2007 (CEST)
Jo det hadde kanskje gått an. --Frokor 17:46, 27 juni 2007 (CEST)