Diskusjon:Svensk varmblods ridehest

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Usikker på namnegjeving av den artikkelen her. Eg kalte dyret for ridehest for å skilje det frå varmblodstravar, men er usikker på om det bør vere svensk varmblods ridehest eller svensk varmblodsridehest. I daglegtale vert oftast berre svensk varmblods eller svensk halvblods (det gamle namnet) nytta. --Kaiamora (diskusjon) 20. april 2012 kl. 08:52 (CEST)[svar]

Eg er litt usikker. Ser på Google at «svensk varmblods ridehest» faktisk er brukt ein del, så det er kanskje greitt. Store Norske Leksikon bruker varmblods ridehest som eit omgrep. Dei har òg ein artikkel om svensk varmblodshest, er dette det same som ridehesten eller er det eit vidare omgrep? --Ranveig (diskusjon) 20. april 2012 kl. 09:37 (CEST)[svar]
Det er den same, ja. Men om vi brukar det namnet er der vel ikkje noko som skiljar han frå svensk varmblodstravar? --Kaiamora (diskusjon) 20. april 2012 kl. 09:53 (CEST)[svar]
Det viktigaste er klargjering, og det har du jo gjort i innleiinga no. --Ranveig (diskusjon) 20. april 2012 kl. 10:27 (CEST)[svar]