Diskusjon:Synthliboramphus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opphav til norsk fellesnamn starik[endre wikiteksten]

Nokon som kjenner til, eller veit å finne opphavet til eller forklaring til det norske artsnamnet - fellesnamnet starik? Kan det vere frå norrønt stari, stare?

På svensk er namnet alke, på dansk dværgalk.

Dei norske namna er gjeve av Norsk navnekomité for fugl (NNKF) i https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/filer/verdensliste_nkf_kun_arter.xls Roar (diskusjon) 12. juni 2022 kl. 09:00 (CEST)[svar]

Har sjølv komme eit stykke på veg:
  • Tidleg bruk på norsk i ei bok omsett frå engelsk(?)[1]
  • Eit anna og seinare døme[2]
  • Kanskje kom nemninga via dansk, her i Den store danske, artikkel alkefugle finst ein illustrasjon med undertekst: "Synthliboramphus antiquus med unge, på dansk undertiden kaldt starik fra russisk."
  • Starik på russisk svarar til старик. Via interwiki frå Synthliboramphus til artikkelen på russisk ser vi artikkelen er nemnt Старики (род)
>Starik (старик) er den russiske fellesnemninga på artar i slekta?. Старики - omset til 'gamle menn' i Google translate.
  1. Stonehouse, Bernard (1973). Liv i nord. A-forlaget. s. 89. ISBN 8251602572. 
  2. Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1987. s. 52. ISBN 8252519113. 
Roar (diskusjon) 14. juni 2022 kl. 22:59 (CEST)[svar]