Diskusjon:Tørrfisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ut i frå mengda med koder i denne teksten trur eg maskinomsetting er av avgrensa verdi. --Ekko 5. juni 2006 kl. 05:48 (UTC)

Der tar du faktisk feil. Å fjerne dei er trvielt, og kan gjerast med ein kommando. Grunnen til at det er slike kodar er at omsetjingsprogrammet vart brukt i interaktiv modus. I interaktiv modus fører programmet brukaren frå tvilstilfelle til tvilstilfelle, og brukaren vel kva som skal gjerast. Her er det altså ikkje slik, og det beste ville ha vore å få omsetjing utan kodar i det heile (noko som er fullt mogleg). Det at kodane står der er ikkje så problematisk, dei kan fjernast i ein sveip, med ein kommando. Eg lot dei stå, heller enn å fjerne dei, for at de skulle sjå i kor mange tilfelle Nyno var i tvil. Då eg gjekk gjennom eit par av desse artiklane fjerna eg rett og slett kodane maskinelt. Trondtr 5. juni 2006 kl. 13:30 (UTC).
Eg synest kodane gjer det lettare å finna det som må endrast av eit levande menneske. Når dei forsvinn, blir det lettare å oversjå bokmålsrestar. På den andre sida er det ikkje så bra å ha dei i ferdige artiklar; kanskje me kan leggja slike artiklar inn på ei midlertidig side? -- Ranveig 5. juni 2006 kl. 14:16 (UTC)
Ja, det Ranveig her seier var også ein grunn til at eg lot dei stå. På den andre sida er det også fleire problem med teksten enn dei Nyno har funne, så det å lese gjennom teksten etter at alle taggane er fjerna er også nyttig. Før, eller seinare, taggane er det i alle fall lett å fjerne: Eg gjorde det (på ein Mac OSX) med denne kommandoen (etter at eg hadde lagra ein kopi av artikkelen):
cat lokalkopiavartikkelen.txt | perl -pi -e 's/(UKJENT|HOM|ALT|GEN)//g' | perl -pi -e 's/(<:|>)//g' > rettaversjonavartikkelen.txt
Alle Mac OSX- og Linux-brukarar kan gjere det same. Windows veit eg mindre om, men det er mogleg å automatisere ting der også, om ikkje like rett fram. Trondtr 5. juni 2006 kl. 14:24 (UTC).
P.S. Macbrukarar: Kommandoen må de skrive inn i terminalvindauget, som de finn i verktymappa i programmappa. Når de opnar terminalvindauget, har de direkte tilgang til filer i heimekatalogen dykkar. Trondtr 5. juni 2006 kl. 14:26 (UTC).
Men han hadde stått slik i seks veker, det var vel ikkje tilsikta. (Jau, eg veit at eg har nokre ufulendte omsettingsprosjekt sjølv, men lyden blir så fin når ein kastar steinen sin frå eit glashus.) --Ekko 5. juni 2006 kl. 18:51 (UTC)
Det med seks veker var ikkje tilsikta, men elles går ting etter planen. Desse ca. 10 maskinomsette artiklane var ein test som eg gjennomførte, for at vi skulle sjå korleis Nyno fungerte. Tanken min var altså at vi skulle sjå litt nærare på dette nokon og ein kvar av oss. Viss eg hadde gått gjennom og retta alle, hadde vi fått mindre ut av testen. Derfor har eg (gått gjennom eit par av artiklane og) late dei (andre) stå som dei står. Denne diskusjonen minnar meg på at vi bør lage eit eige Nyno-prosjekt, og bestemme oss for om vi skal starte ut med Nyno slik som programmet er i dag, eller vente til Nynodata får ein ny versjon. Den diskusjonen kan vi ta på Samfunnshuset. Trondtr 5. juni 2006 kl. 19:20 (UTC).

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:05 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:05 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Død lenke 3[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 04:05 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

Kva er meint med klepphugg? Er det eit hogg etter ein klepp? I såfall skal det stå klepphogg. --89.8.159.58 12. august 2012 kl. 00:06 (CEST)[svar]