Diskusjon:Tamazightiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kansje "tamazight-språk" bør kallast "tamazightiske språk" på vårt målføre? Kva meiner filologane?

Norsk omsetting for "taqbaylit".[endre wikiteksten]

Eg har nytta ordet "kabylsk" for det tamazighiske språket "taqbaylit", men eg ser at det alt finst ei side om "taqbaylit", kalla "Kabyle". Vil gjerne høyra kva filologane meiner er den beste omsettinga til nynorsk.

Eg ser det er nytta "kabylisch" og "kabylsk" på tysk og dansk, så det bør vi også gjere, heller enn «kabyle». Om det skal vere «taqbaylit» eller «kabylsk» veit eg ikkje, men «tamazight» har og sine problem, i tillegg til oss er det berre pt som brukar den terma, og etter den tyske wikipediaen er tamazight ei undergruppe av berberspråka. Så vi må sjå på dette. Trondtr 25. mars 2006 kl. 22:43 (UTC),
Ja, "tamazight" vert òg nytta for eit tamazightisk språk i mitre Atlasregionen i Marokko. Det er vel faren for forveksling mellom språkgruppa "tamazight" og dette språket du meiner? Eg er freista til å kalla dette språket "atlastamazightisk". men det er kansje ingen god ide?
Kva står "pt" for?Brukar:sigmundg
Litt kryptisk der, orsak, det er wikipediaforkortinga (og språkkoden) for portugisisk, pt.wikipedia.org. Språknamna veit eg for lite om, anna enn at eg til no berre har høyrt om berberspråk. Men den nemninga er sjölvsagt eit utgruppenamn. Vi får sjå kor i vanleg bruk dette inngruppenamnet er, og korleis andre har handsama namnelikskapen. Trondtr 25. mars 2006 kl. 23:28 (UTC).

Grunnen til at eg ikke nytta "berber" var at det ikkje er særleg populært mellom dei som talar berber. Ikkje så rart når det tyder barbar! Brukar:sigmundg

Litt rot[endre wikiteksten]

Det ser ut for at eg har klart å rota litt: eg oppretta "Tamazightiskse språk", som skulle vera "Tamazightiske språk". No eksisterer begge. Går ut frå at berre ein administrator kan sletta "Tamazightiskse språk"? Skal vera litt meir forsiktig heretter.