Diskusjon:Teori

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For å halde meg til sjangeren: Denne innhaldssida inneheld empiriske observasjonar om ordet teori, men ingen teori om dette ordet. Ordspel til side: Det eg saknar her, er at opplistinga av ei rekkje fine observasjonar om norsk språk blir systematisert og gruppert, slik at dei ulike tydingane kjem saman i dei gruppene dei høyrer heime i. Det er fritt fram... Trondtr 25. august 2005 kl. 22:09 (UTC).

Ingen metateori om teori, javel, men forsøk på ein enkel definisjon ikkje noko anna.RoarH 26. august 2005 kl. 05:52 (UTC)

Aldri, aldri prøv på ordspel viss du ofrar klarheit, Trond! Altså: Det eg meinte var at dette er ein artikkel full av gode observasjonar men at dei er presentert som ei uordna liste, utan forsøk på å starte med grunnleggjande tyding og ta ei grein etter ei anna. Nullstilling der det ikkje er nokon, med andre ord. Eg var ikkje på jakt etter ein ny teori, men etter ein artikkel som var litt meir gjennomarbeida, leksikografisk og semantisk sett. Men som sagt, observasjonane er gode. Trondtr 26. august 2005 kl. 06:44 (UTC).