Diskusjon:Tettstader i Buskerud

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Andre tettstader òg?[endre wikiteksten]

Skal me ta med det som heiter tettstader på folkemunne? I utgangspunktet er eg samd i å følgje ei slik liste som dette, men her i Røyken blir det underleg når Slemmestad som de facto kommunesenter ikkje er nemnt, heller ikkje det som ein gong var største plassen, Nærsnes. --Ekko 4. oktober 2008 kl. 19:15 (CEST)[svar]

Me var så vidt borti ein liknande diskusjon her for nokre veker sidan, og det er heilt tydeleg at nokre av dei offisielle tettstadene er noko kunstige, som diskusjonen eg viser til er basert på. Om ein har eit sentrum ein stad med butikkar, skule, kontorbygg osv, der det bur mindre enn 200 menneske, så vert ikkje denne staden rekna som ein tettstad og derfor heller ikkje nemnd av SSB, medan byggjefeltet like ved, som gjerne er knytt til dette sentrumet, kjem inn under definisjonen, men då kanskje under eit anna namn. Det er vel dette som har skjedd med Halsa/Eidsbukta vil eg tru.
Eg syns begge er like riktig, både tettstadene definert av SSB og dei stadene som av folk flest vert rekna som tettstader, men me bør kanskje då nemne dei kvar for seg eller i alle fall vise at det er ein skilnad. Dei «offisielle» SSB-tettstadane i ei liste, og dei «uoffsielle» i ei anna? Med ein slik tabell som her kan ein evt. legge til ei ekstra kolonne der det står at dette ikkje er ein offisiell tettstad. --Frokor 4. oktober 2008 kl. 20:30 (CEST)[svar]
Jhs har lagt såpass med arbeide i dette at ho må få sagt kva ho meiner før me gjer noko. Om me t.d. kan få til ei undersortering under i dette tilfellet Oslo og Drammen som gjer greie for kva for «tettstader» som er innlemma i dei blir det bra. Drammen er òg eit krasst døme på kor i utakt med ålmen oppfatning dette blir. Takk vera han finst det ikkje tettstader i Nedre Eiker og i Øvre Eiker er berre Vestfossen, Skotselv og to perifere byggefelt attende. Er ein ikkje kjent i området kan ein altså ikkje finne fram til tettstader med eigen identitet og lang historie som Hokksund, Mjøndalen, Solbergelva og Krokstadelva. Ein kan heller gjere om på dette om 80 år når dei er vorte bydelar i Drammen. Eg ser at ein med litt lokalkunnskap lett kan sjå på karta hos SSB kva for «tettstader» som er lagt inn under tettstadene. --Ekko 4. oktober 2008 kl. 22:06 (CEST)[svar]
Er det teknisk mogeleg å dela kolonna Stad i to kolonnar under dei tettstadene som er slege saman av fleire «tettstadar»? Så kan ein presisera at desse i kolonne 1b er uoffisielle og noko flytande. --Ekko 4. oktober 2008 kl. 22:16 (CEST)[svar]
Hovudsaka er artiklane om stadene (alle slags stader, dei tette og dei ikkje tette nok, og ikkje minst dei som ligg for tett til å få vere eigne tettstader) og kommunane, ikkje denne lista.
Denne artikkelen må like fult vere forståeleg.
Noko som gjer det vanskeleg å dra ikkje-tettstader inn i lista er at me ikkje har data for dei på det viset som me har for SSB sine tettstader.
Det var ein diskusjon om dette for lenge sidan, på diskusjon:Tettstader i Hordaland. --Jorunn 4. oktober 2008 kl. 22:52 (CEST)[svar]
Og der ser eg at ei klok ei sa: Slik eg ser det vil det vere av svært stor verdi å få med informasjon om kva grender/tettstader/byar som har vorte slukt. Og då er det betre å få det inn i tabellen enn å berre ha det i teksten, trur eg. Dei slukte kkje-tettstadene kan ein i det minste få verifisert med eit søk på Norgesglasset, kor dei står som Tettsted i lista, sjå t.d. Filtvet, ein del av tettstaden Tofte. Men folketal får me ikkje ut, det har du rett i. --Ekko 5. oktober 2008 kl. 00:08 (CEST)[svar]

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:37 (CEST)[svar]

[daud lenkje]