Diskusjon:Thor Heyerdahl

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Få av teoriane hans har vunne aksept blant andre fagfolk". Er det nokon? --Ekko 12:30, 21 september 2006 (UTC)

Eg veit ikkje om nokon. Rett nok er tanken attom både Kon-Tiki og særleg Ra svært så sannsynlege, men til skilnad frå Helge Ingstad hadde han inga Anne Stine Ingstad som kunne finne prov på at det hadde vore kontakt over havet. Trondtr 15:28, 21 september 2006 (UTC).
Vel, sannsynleg og sannsynleg. Når det gjeld Kon-Tiki så er det jo etterkvart massevis av bevis, lingvistiske og genetiske, som motseier Heyerdahl. --Barend 15:48, 21 september 2006 (UTC)
Eg spør mest avdi setninga er eit godt døme på noko ullent og omtrenteleg som er lett å komma med, men som bør vekk. Og så kunne eg ikkje komma på ein einaste teori som har blitt sansynleggjort eller fått brei støtte. Korkje afrikanarar til søramerika, søramerikanarar til Polynesia, norrøne grønlandsbuarar til Kanariøyane eller gudar frå Kazakhstan eller hvor det no var. --Ekko 16:01, 21 september 2006 (UTC)
Eg er heilt samd med deg, Barend. Det eg meiner med sannsynleg er tre ting, som Heyerdahl alltid drog fram: 1. Både i Nordafrika og i Peru var det havgåande farty av Ra- og Kon Tiki-typen (som Heyerdahl viser). 2. Havstraumane er av den typen at det ikkje skal meir til enn ein miskukka fisketur før flåten er på veg ut over havet. 3. Det finst kulturelle fenomen i Mellomamerika (pyramider) og Påskeøya (statuer) som har klåre fellestrekk med tilsvarande fenomen på andre sida av havet. Problemet er at dette berre ein indisia, mens det er eit totalt fråver av lingvistiske og særleg genetiske spor etter kontakt. Kanskje for det ein sivbåt eller flåte over ein gong, men det vi trygt kan seie er at vi ikkje har noko som tyder på det. Så ja, eg er samd med Ekko, vi kan stramme inn setninga. Trondtr 17:56, 21 september 2006 (UTC).
Hmm, eg endra «få» til «ingen», men strengt teke har vi (rettere: eg) ikkje full oversikt over alle teoriane hans. Men alle eg veit om er avvist. Så får vi sjå om det blir protestar. Den generelle diskusjonen her er kva som er mest ullent. Det beste er kanskje å lage ei liste over teoriane hans og så seie at «dei som står på denne lista har ikkje støtte». Trondtr 18:06, 21 september 2006 (UTC).
Ikkje alt arbeid av Heyerdahl er like godt kjent. I 1953 leia han ei utgraving på Galapagos med eit team av arkeologar, blant anna Arne Skjølsvold. Dei fann fire busettingsområde på tre ulike øyer og 11 bu- eller leirplassar, alle frå før kolonialismen. Teorien hans var at desse funna var spor av folk som måtte ha komme på vitjing frå Sør-Amerika utan å setje seg ned permanent. Ei bortforklaring har vore at funna var resultat av at europeiske sjørøvarar og fiskarar hadde tatt med seg oldtidsfunn og grave ned sakene på Galapagos. Bryan Syke har vist at polynesiarane kom frå Søraust-Asia. Ikkje alle meiner at det motseier det Heyerdahl har sagt. Derimot ser det ut som mange (alle) meiner Heyerdahl var på langt ute på jordet i fleire andre saker som Odin-teorien. (Kjelde: Øystein Kock Johansen sin Heyerdahl-biografi. Kock Johansen er langt i frå objektiv, til det stod han for nær, men han er også kritisk til Heyerdahl.) Roarjo 19:37, 21 september 2006 (UTC)
Framlegget til Trontr er nok best. Både best leksikalsk og mest høvisk mot mannen: ta for oss teoriane kvar for seg og gje ein slags status for dei. det er forøvrig interessant stoff på lenkja eg la opp i artikkelen. --Ekko 20:11, 21 september 2006 (UTC)