Diskusjon:Tilje

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her trur eg det kan vera lurt å skifte nemninga på artikkelen frå "tilje" til "tile". I norsk (dialekt) tyder tilje å legge tile (altså eit verb). Det korrekte substantivet er tile på nynorsk (nøytrum). Å nytte Jørgen Moe og Petter Dass som kjelde er ikkje særleg til truande, av di desse ikkje nytta landsmål. I dette høvet er "tilje" den danske forma, gjerne nytta i folkeviser.

Dette trur eg ikkje på, jfr. Nynorskordboka: tile n1 (norr þili) og tilje f2 (norr þilja). Kor har du dine opplysingar frå? --Ekko 19:50, 22 februar 2008 (CET)

Ivar Aasen, sjølvsagt, og andre nynorske ordbøker laga av fagfolk. Det er tydeleg du har for vane å nytte bokmålsord som overskriftar i staden for dialektomgrep og nynorsk. Det høver ikkje i alle tilfelle, det.

Eg har for vane å oppgje kjelder for det eg skriv. Og det høver i alle tilfelle. --Ekko 9. mars 2009 kl. 09:35 (CET)[svar]
Eg rulla attende den siste endringa frå tilje til tile; førsteforfattar må få velje blant dei godkejnde formene, jf. Tilje i nynorskordboka. --Knut 9. mars 2009 kl. 07:46 (CET)[svar]
Når det gjeld fjølene ein trakkar på i båt er tilje det vanlege ordet både i tradisjonelt bruk, skriftlege kjelder og i ordbøker (og Aasen: Norsk ordbok). Som førsteforfattar held eg på den.--Andreasv 9. mars 2009 kl. 08:19 (CET)[svar]