Diskusjon:Tiss

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Berre to tydingar? Der eg kjem frå, har både gutar og jenter tiss!
--Verdlanco (diskusjon) 23. jan 2005 kl. 1215 (UTC)

Ja, eg trur du har rett i at vagina stort sett er synonymt med «jentetiss».
--Verdlanco (diskusjon) 23. jan 2005 kl. 1232 (UTC)
Nei, vagina er, æh, det andre holet. Det nærmaste medisinske ordet eg finn for det som vert kalla jentetiss eller "tissedame" er en:vulva, som dekker heile området. Urinåpninga ligg ganske diskret til mellom klitoris og det vaginale området.-- Ranveig 23. jan 2005 kl. 1309 (UTC)
Ja eg frykta det vart feil. No vert nok vagina brukt ganske ofte for en:vulva på norsk sjølv om det er feil, og når det blir referert til "jentetissen" så trur eg det er like ofte heile en:vulva som berre "tisseorganet". "Organ for å urinera med" er nok ein god definisjon, Bjarte burde kunna eit norsk/latinsk namn for det kvinnelege "organ for å urinera med" (?). --Guttorm 23. jan 2005 kl. 1535 (UTC)
Born snakkar vel helst om dét dei kan sjå, og då er det det ytre (skamleppene) som tel. Eg er (no) samd i at det sikkert held med to tydingar på fleirtydingssida: eit tiss (urin) og ein tiss (organ).
--Verdlanco (diskusjon) 23. jan 2005 kl. 1654 (UTC)

Ein kan då skriva vulva på nynorsk òg... Er ikkje det det same som en:vulva? Eller me kan bruka eit meir uvitskapleg namn, som t.d. høna... --Tannkrem 20:02, 11 januar 2007 (CET)