Diskusjon:Titanar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Titanane)

Sidetittel[endre wikiteksten]

Vi bør ikkje ha artiklar (bortsett frå kategorisider) med fleirtalsform i tittelen, synest eg. Difor har eg flytta artikkelen frå Titanar til Titan i gresk mytologi. Kom gjerne opp med eit betre namn!
--Verdlanco (diskusjon) 24. jan 2005 kl. 0706 (UTC)

Ja, det har vore litt styr med desse Titan-artiklane, og det hjelper ikkje at dei stadig skiftar namn. For artiklar som blir flytta meir enn ein gong, blir omdirigeringane nemleg brotne. Dette har skjedd med Titan (mytologi)TitanarTitan i gresk mytologi, og Titan (grunnstoff)Grunnstoffet TitanGrunnstoffet titan. Sistnemnde har eg reparert. Når det gjeld mytologien, trivdest titanane i både gresk og romersk tradisjon, så Titan (mytologi) kunne vera eit alternativ.    Dette med namngjeving og samkjøring av artiklar med konkurrerande namn er typisk kandidat for ein politikk (viss det ikkje finst ein politikk allereie). På en: er det svære reglar for namngjeving og fleirtyding. Me treng nok ikkje så svære reglar, men eintal i titlar og emne i parentes er ikkje så dumt, t.d. en:Titan (moon), en:Titan (mythology) og en:Titan (disambiguation) (her er en:Titanium uvedkommande).    Det trengst kanskje ein politikk for flytting òg, slik at ein unngår brotne omdirigeringar. Den som utfører andre gongs flytting kunne til dømes oppfordrast til å reparera tidlegare omdirigeringar.    Skal me ta diskusjonen til Samfunnshuset eller nokon annan plass? --Eddi (Snakk) 24. jan 2005 kl. 0913 (UTC)

Eg er einig med Eddi.--Guttorm 24. jan 2005 kl. 0943 (UTC)
Eg hadde ikkje fått med meg at det pågjekk ein diskusjon om denne sida på Samfunnshuset. Eg skal ikkje flytta sidene meir før vi har eit framlegg til ein politikk for namngjeving og flytting.
--Verdlanco (diskusjon) 24. jan 2005 kl. 1834 (UTC)

Eg ser ikkje problemet med titlar i fleirtal for nokre artiklar. Poenget med titanane er jo nettopp at det er mange av dei. Dersom det er ein regel som seier at ein tittel må vera i eintal, kan me kalla han Titan i antikk mytologi. Eventuelt Titan i romersk mytologi og Titan i gresk mytologi, det finst jo forskjellar. Men berre titanar eller titanane synest eg blir både enklare og rettare. -- Ranveig 24. jan 2005 kl. 1945 (UTC)



Eg kopierer innlegget mitt over til Wikipedia:Samfunnshuset#Titan --Eddi (Snakk) 24. jan 2005 kl. 2209 (UTC)