Diskusjon:Toleranse

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Toleranse er òg eit viktig omgrep innan vitskap og ingeniørfag, der toleranse er kvantiserbar og målbar. Så kanskje denne sida byrde vera ei fleirtydingside? Kva med:

Eller noko liknande? --Sigmundg 28. mai 2011 kl. 10:21 (CEST)[svar]

Held det ikkje med to artiklar, då, der begge viser til kvarandre? Så slepp me ei unyttig fleirtydingsside og eit utal uskrivne artiklar. --Ranveig 28. mai 2011 kl. 11:23 (CEST)[svar]
Jau, om ein syner til Toleranse innan vitskap og ingeniørfag på toppen av artikkelen Toleranse, slik sin i artikkelen Aure bør det gå bra. Det ser ut for at det er litt ulik praksis for når ein nyttar fleirtyding og når ein nyttar ein peikar. Fleirtyding er kanskje berre naudsynt når det er meir enn to artiklar med same namn? --Sigmundg 28. mai 2011 kl. 11:42 (CEST)[svar]
Ja, om det berre finst to tydingar av eit oppslag bør me unngå fleirtydingsside, så har me spara om lag 50 % av lesarane for eit ekstraklikk. Lange lister av definisjonar høyrer eigentleg heller ikkje heime her (me har Wiktionary), men sidan dei likevel kan vera kjekke å ha, går det an å ha dei på ei underside som Aure (fleirtyding) i staden. --Ranveig 28. mai 2011 kl. 12:05 (CEST)[svar]
Eg har prøvd å luke ut "vi"-ane. Denne sida er filosofisk og ser toleranse sosialt og kulturelt. Ein burde ha 1, og berre 1 side om teknologisk avvik og medisinsk i tillegg, t.d. intoleranse for mat. --Kaaref 29. mai 2011 kl. 18:47 (CEST)[svar]
Flott! Viss du i tillegg har kjelder til dette, vil det vera storarta å få dei med. --Ranveig 29. mai 2011 kl. 20:03 (CEST)[svar]
Eg trur det er betre å ha ein separat artikkel om innan «Toleranse innan vitskap og ingeniørfag». Dette på grunn av at det handlar om svært forskjellige ting. Terminologien er òg svært forskjellig. WP på fransk, tysk og engelsk har separate artiklar om filosofisk og vitskapleg/teknisk toleranse. --Sigmundg 29. mai 2011 kl. 20:21 (CEST)[svar]
Ja, slike eg les Kaaref er han nok einig i dette. Tittelen kunne kanskje vore kortare -- ser Engelsk WP bruker «Engineering tolerance». --Ranveig 29. mai 2011 kl. 20:29 (CEST)[svar]
Ja, det er nok mest innan ingeniørfag ein er oppteken av toleranse. Innan vitskap, i alle høve innan naturvitskap, arbeider ein med å forstå korleis naturen fungerer, medan ingeniørar arbeider med å laga slikt som ein ikkje finn i naturen, som til dømes DAB-radioar, motorar, datamaskinar og så bortetter. Å setta toleransar for naturfenomen er truleg ikkje så lett. Ein kan alltids vedta at ein vulkan skal spy så og så mykje lava, plus/minus 5 %, i kvart utbrot, men ein lyt truleg ilegga svært store bøter for at vulkanen skal bry seg om det...
Eg òg tykkjer at den engelske tittelen er bra. Om ein omset dette til norsk vert det vel noko slikt som «Toleranse innan ingeniørfag»? --Sigmundg 29. mai 2011 kl. 20:48 (CEST)[svar]
Eg ser at tysk WP har fleire artiklar om ulike former for toleranse og nyttar fleirtydingside. Men det er vel ingen grunn til å laga ei fleirtydingside så lenge det ikkje finst artiklar å peika til. --Sigmundg 29. mai 2011 kl. 21:28 (CEST)[svar]


Ja, ein treng to sider om dette i utgangspunktet, 1 om førestellingar om toleranse innan ingeniørfag og naturvitskap og 1 innan filosofi og religion, samfunnsfag o.l. Toleranse vert brukt innan naturvitskap i spørsmål om kor mykje naturen toler, jf. intoleranse for mat til skilnad frå allergi der ei ikkje toler noko av eit bestemt stoff. Men å finne gode, korte titlar på norsk er ikkje lett, nei--Kaaref 30. mai 2011 kl. 8:21 (CEST)