Diskusjon:Tonespråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen vantar informasjon om norske tonelag. Endå det ikkje er fullverdige tonar etter definisjonen i denne artikkelen (?), hadde det vore sers nyttig med ei jamføring. Nunc et semper 19. september 2010 kl. 21:19 (CEST)

Ja, tonelag skil seg frå tone, og ja, du har rett, det bör stå noko om skilnaden. Eg sette inn ein kort tekst + referanse til tonelagsartikkelen vår, allereie i förste avsnitt (litt tidleg?). Trondtr 22. september 2010 kl. 07:30 (CEST).
Ja, no er det samanknytt so det går å finne ut av det. Men terminologien haltar litt: i tonelagsartikkelen vert tonelag definert som ein type tone, medan i tonespråksartikkelen vert tonelag nemnt som noko anna enn tone. Kan hende det speglar ymsande nemningsbruk i fagmiljøet? I anna fall kunne ein finne ei løysing på det. Nunc et semper 22. september 2010 kl. 10:27 (CEST)
Eg ser i dag at denne artikkelen blei endra kort tid etter at eg skreiv han, ved at det etter definisjonen av Tonespråk er lagt til ei setning som eg har kursivert her: Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon. – Dette bør etter mi meining strykast, av fleire grunnar. For det fyrste meiner eg det er ei heilt vilkårleg innsnevring av fenomenet tonespråk; eg har nytta ein definisjon som berre handlar om uføreseielege (evt. distinktive) tonar, mens den nye setninga dreg inn trykk i tillegg. For det andre får dette tillegget uheldige fylgjer for andre delar av artikkelen; artikkelen inneheld mykje om mandarin, som heller ikkje ville vere eit tonespråk dersom trykk var ein relevant faktor i definisjonen: mandarin har også berre tonar i trykksterke stavingar. Eg vil gjerne fjerne det kursiverte avsnittet, men er ikkje så glad i å berre gå inn og stryke det andre har lagt til i beste meining. Er det nokon som har meiningar om dette? Eg ser at Nunc et semper etterlyser informasjon om "norske tonelag", og eg legg gjerne til noko om det emnet (men det krev litt omtanke, pga ein del fagleg usemje). --Rolf.theil (diskusjon) 16. juni 2012 kl. 09:59 (CEST)