Diskusjon:Torvika i Herøy på Sunnmøre

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namngjeving[endre wikiteksten]

Stakkars Herøy, nå må namngjevinga diskuterast igjen! Men det må til...

Eg er stort sett tilhengjar av å gjera namngjeving enklast mogleg. Ettersom det ikkje finst andre Torviker på andre Herøyer, vil eg hevda at det ikkje er turvande å leggja til "på Sunnmøre" i tittelen. Det kjem raskt nok fram i artikkelen likevel. Me sparer ikkje papir på å ta vekk to ord, men me sparer kanskje nokre trøytte fingrar. -- Ranveig 30. mai 2005 kl. 1924 (UTC)

Eg reknar med at du har fått med deg samtalen på diskusjonssidene mine? I alle tilfelle, eg er einig i at eg ikkje heilt trur at Torvik treng å kvalifiserast på dette viset, iallfall ikkje før ei anna bygd med same namnet dukkar opp. -- Larsivi 30. mai 2005 kl. 1943 (UTC)
Ja, eg er òg einig i dette på to føresetnader:
  1. Det lyt sjekkast at stadnamna det gjeld verkeleg berre finst på éin av stadene.
  2. Det lyt gå fram allereie i første setninga i artikkelen kva for ei Herøy det er snakk om.
-- Olve 30. mai 2005 kl. 2330 (UTC)
1. er faktisk ikkje så lett å verifisere, det kan finnast stader utanom Noreg som heiter det samme. Når det gjeld punkt 2, så går dette allereie fram av første setninga. -- Larsivi 31. mai 2005 kl. 0632 (UTC)
At punkt to går fram av første setninga di såg eg jo. Grunnen til at eg skreiv som eg gjorde var at dette er eit prinsippspørsmål. Dermed er det nyttigare å gje svar som er fullgode åleine... :)
Når det gjeld første punktet, så forstod det no no slik at spørsmålet var om det var noka Torvik på den andre Herøya... :)
Generelt sett: For etterprøving av om eit stadnamn er eineståande innanfor Noreg (noko dei ofte ikkje er), så føreslår eg å bruke «Norgesglasset». Der kan du søkje på «stedsnavn» (hugs å velja dette nedst til venstre) og skrive inn namnet — i dette fallet «Torvik» og «Torvika» (hugs alltid å søkje på både bunden og ubunden form). Da får du opp lister over kvar i Noreg det finst stader med dette namnet som er store nok til at dei finst nemnde på kartet. -- Olve 31. mai 2005 kl. 0641 (UTC)