Diskusjon:Tredje Framferda

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er gjort framlegg om sletting av artikkelen på grunn av dårleg språk og mange faktafeil. Kan det peikast ut nokre døme på faktafeil? --178.232.14.40 11. april 2013 kl. 17:31 (CEST)[svar]

Det saknar eg òg. Eg tar vekk slettemerket inntil dette kan visast fram. Dessutan kan faktafeil anten rettast opp i, eller fjernast, utan at heile artikkelen må slettast av den grunn. --Frokor (diskusjon) 11. april 2013 kl. 17:39 (CEST)[svar]
Døme på feil:"Christophersen, som budde i Argentina, dekte alle kostnader i samband med «Fram» si ferd frå Buenos Aires til isbarrieren og tilbake til San Francisco, via Buenos Aires" Fram kom aldri så langt som til San Francisco.
"Amundsen og Bjørn Helland-Hansen planla å bruke dette som ei unnskyldning for å kome igang ombord på «Fram» i Noreg, i staden for i San Francisco som tidlegare annonsert." Det var vel aldri planen at Helland-Hansen skulle vere med på sjølve ekspedisjonen.
"Etter at ferda frå Noreg til Antarktis var over gjekk Amundsen ombord i «Fram» i Hvalbukta og kom under Thorvald Nilsen sin kommando"
Og eit døme på ei setning som kanskje berre er dårleg språk:"I åra 1910 til 1913 reiste Amundsen med «Fram» til Hvalbukta" Han brukte ikkje tre år på turen ned.
Det som gjer opprettingsarbeidet særleg vanskeleg er at feil og tvilsame utsagn har kjeldetilvisningar. Det gjer at ein (i alle fall eg) vert skeptisk til andre opplysningar òg --Andreasv (diskusjon) 12. april 2013 kl. 11:08 (CEST)[svar]
Språket i denne artikkelen held ikkje mål. Innhaldet ber preg av å ha vore direkte-omsett frå eit anna språk enn nynorsk, og har for mange døme på ordfeil og tung ordstilling. Med det siste siktar eg til grammatiske strukturar som bør vere framandelement i nynorsk. Sjå berre på avsnittet om Resultat; informasjonen i dette avsnittet må kunne formidlast i eit mykje enklare språk. Når det no attpå vert påvist faktafeil med meir, bør artikkelen gjennomgåast grundig. Eit tiltak kan vere å fjerne kjeldetilvisingane; når det er reist grunngjeven tvil om truverdet til nokre av dei, minkar tiltrua til resten. Eg er likevel i tvil om sletting er det rette no, men slik han no framstår har artikkelen ingen framtidig plass i nynorsk wikipedia. --Migne (diskusjon) 13. april 2013 kl. 10:18 (CEST)[svar]
Om ein omset eit vitskapleg verk, eller faglitteratur, kan ein som oftast gå ut frå at referansane som originalforfattaren har gjeve er fornuftige, men i ein wikipediaartikkel kan ein ikkje det. Mange som skriv på Wikipedia er ikkje kjent med korleis ein skal nytta referansar og av og til kan det sjå ut som referansane er berre til pynt. Når ein omset wikipediaartiklar bør ein difor kontrollera at referansane er relevante. Om ein ikkje er kjent med stoffet er dette mykje arbeid, men om ein ikkje kjenner stoffet bør ein kanskje ikkje omsetta artikkelen. Det einaste ein oppnår med dårlege artiklar er at leksikonet vert upåliteleg. I mange høve kan det vera meir fornuftig å omsetta berre innleiinga til ein artikkel og venta på at nokon med kunnskapar om stoffet utvidar han. --Sigmundg (diskusjon) 13. april 2013 kl. 11:21 (CEST)[svar]

Manglande avsnitt[endre wikiteksten]

Det manglar omtale av at dei nådde sjølve polpunktet i bolken om ferda til Sørpolen. Det står at dei la att eitt depot på 88 25' og så tek det til eit nytt kapittel om tilbakeferda som startar «Før dei starta tilbakeferda den 18. desember...». Det er nokre viktige dagar i mellom som ikkje er omtala. --178.232.129.185 12. april 2013 kl. 08:34 (CEST)[svar]