Diskusjon:Trikktrakk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør denne artikkelen heite «trikktrakk»? Namnet er rett nok meir norsk enn «backgammon», men eg kjenner ikkje til det. Er dette eit godt etablert namn på spelet? Eg får svært få treff på Google, og Nynorskordboka kjenner ikkje ordet heller (ikkje backgammon heller, forresten). --EIRIK\diskusjon 21:43, 22 desember 2006 (CET)

Store Norske skriv: backgammon eng., usikkert opphav, muligens av 'tilbake' og 'spill' trikk-trakk brettspill for to personer, hver…” [1]   I Spillefuglen : Aftenpostens spillehåndbok (Oslo : Schibsted, 1955( står det: “Backgammon, eller Trikk-trakk som det også kalles, har i våre dager ...”. Ordet har oftast vorte skrive med bindestrek, men slike bindestrekar er mindre bruka på standard skriftnorsk i våre dagar. Men ordet er altså godt etablert og har fortrinnet at det følgjer norsk rettskriving og uttale. -- Olve 11:45, 23 desember 2006 (CET)
Eg har ein god ven som har vore aktiv backgammonspelar i fleire år, med deltaking i NM. Han hadde aldri høyrt om trikktrakk, så veldig vanleg virkar det ikkje å vere. Men som du seier Trikktrakk er jo meir norsk... --Frokor 12:40, 23 desember 2006 (CET)
Om ein ser på Wikipedia på tysk og fransk har dei begge ein artikkel som heiter Backgammon og ein som heiter Trictrac/Tric Trac, og det verkar å vere to (litt) ulike spel det gjeld,. Backgammonartikkelen på nederlandsk seier: «De Nederlandse versie van dit spel (met iets andere regels) werd triktrak genoemd.» Så på somme språk verkar det som om trikktrakk og backgammon vert rekna for to litt ulike spel. Store norske leksikon verkar å seie at det er to namn på same spelet, og det kan godt vere at namna i Noreg har vorte brukt om einannan, men det verkar no å vere vanleg å kalle spelet backgammon. Det heiter i alle fall Norges Backgammonforbund og alle underforeningane brukar også Backgammon i namna, mellom anna Fedje Backgammonklubb. --Jorunn 16:51, 23 desember 2006 (CET)
Ja, det gamle spelet vart alltid kalla trik(k)(-)trak(k), og så gjekk det noko av moten, og nokre år seinare kom det på moten att — da mest med moteordet backgammon som namn. På norsk er det ikkje nokon forskjell på dei to termane i tyding. Om det er stemning for å flytte artikkelen, så skal sjølvsagt ikkje eg protestere på noko vis. Synest berre det er betre å bruke norske ord som trikktrakk, datamaskin og helg heller enn backgammon, computer og weekend... :] Olve 22:00, 23 desember 2006 (CET)
Sjølv om backgammon kanskje er den mest utbreidde varianten i den vestlege verda, er det jo langt frå den einaste. Og ettersom spelet er særs gamalt (frå Mesopotamia seiar en:) og i hvert fall blir spela i midtausten med andre reglar (eg har lært det under namnet "Fangen" frå ein arabar) er det jo greit me ikkje latar som om "Backgammon" er heile sanninga. --Ekko 00:00, 24 desember 2006 (CET)