Diskusjon:Troll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I siste setninga i denne artikkelen er ordet «fantasy-litteraturen» nytta. Eg meiner at det bør fornorskast til «fantasilitteraturen». Kva meiner filologane?--Sigmundg 10:08, 17 desember 2006 (CET)

Det var eit ordskifte om dette ein gong, men eg finn det ikkje att. Mi meining den gongen var at "fabelprosa" var eit fint namn. Fleirtalet den gongen meinte at fantasy var blitt merkelappen på ein avgrensa sjanger. --Ekko 10:21, 17 desember 2006 (CET)
Då vil eg seia meg sterkt usamd i konklusjonen frå «den gongen». Alle levande språk tek opp i seg ord frå framande tungemål og utviklar seg på den måten, men om dei nye orda ikkje vert tilpassa språket som tek dei opp i seg vil dei ødelgga harmonien i vertsspråket. Etter mi meining er «fantasy» eit døme på dette, spesielt i ein artikkel om troll (trolla ville ikkje lika dette, så vi får prisa oss lukkelege for at dei ikkje kan lesa...). «Fabelprosa» er eit mykje finare ord i norsk samanheng. Eg ser at bokmåls-Wikipedia kallar artikkelen om dette emnet for «Fantastisk litteratur», noko som tyder på at dei har freista (men ikkje lukkast med) å omsetta omgrepet. «Fabelprosa» derimot, høyrest norsk ut. --Sigmundg 10:51, 17 desember 2006 (CET)
Eg trur ordet kom frå anten Tor Åge Bringsværd eller Thore Hansen på tampen av 70-talet. --Ekko 11:37, 17 desember 2006 (CET)
Og her må eg kjapt korrigere meg sjølv: Opphavet er Bingåbringsværd i 1967, i følge nettstaden Leseglede. Eit medvite poeng er å bygge ned sjangergrensene mellom de nokon kallar Fantasy og det nokon kallar Science Fiction. Etter mi meining eit godt poeng. Les t.d. bøkene til Ursula K. LeGuin. Kva sjangar dei er i kjem vel meir ann på lesaren enn boka. --Ekko 11:47, 17 desember 2006 (CET)
Orsak at eg gjer narr av det, men Bingå Bringsværd har eg aldri høyrd om før. Er det noka from for kallenamn, eller? :)
Ellers likar eg begrepet «Fabelprosa». Anders 14:57, 17 desember 2006 (CET)
Bingåbringsværd er namnet på eit vesen som har to ulike manifestasjonar: Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, jfr. Den_Heilage_Treeininga. Kanskje er det rettare å seia at Jon Bing og Tor Åge Bringsværd er avatarar av Bingåbringsværd, slik Rama og Krishna er for Visjnu. --Ekko 20:05, 17 desember 2006 (CET)
(Lyt smette innom med eit breitt glis her.... :-D Olve 23:40, 17 desember 2006 (CET))
(Æg au! :-D ) -- Arvind 23:56, 17 desember 2006 (CET)
Omgrepet «Science Fiction» skurrar òg i mine øyrer. Kvifor ikkje kalla det «vitskapsoppspinn»? --Sigmundg 12:01, 17 desember 2006 (CET)
Kategoridiskusjon:Fantasy-litteratur var staden. Som vanleg her på Wikipedia kom det ingen konklusjon, og om eg tel rett meinte faktisk fleirtalet at «fantasy» ikkje var eit godt omgrep. --Ranveig 13:30, 17 desember 2006 (CET)
«Fantasiprosa» kunne vel òg nyttast?--Sigmundg 13:36, 17 desember 2006 (CET)

Eg står på spranget til ein lutefiskmiddag hos svigermor; men me bør vel snart forbetre oss på å konkludera i ordskifte? --Ekko 13:40, 17 desember 2006 (CET)

Spør kva svigermor tykkjer.--Sigmundg 13:46, 17 desember 2006 (CET)
Lutefisk til middag? trudde gelé var meint til dessert, eg. Seriøst: Dei fleste diskusjonar eg har observert, har døydd ut etter omtrent ein dag. Eg trur me må vera flinkare til å lima diskusjonar utanfor samfunnshuset opp på samfunnshuset, om de skjønar kva eg meinar? Anders 14:57, 17 desember 2006 (CET)
Diskusjonar blir ofte gløymde der òg når dei kjem lenger opp på lista. Eg trur det kan fungera å halda diskusjonar litt rundt forbi om me til dømes merker dei på same måte som spirer, med ein mal som fortel at dette er ein open diskusjon og plasserer diskusjonssida i ein kategori over pågåande diskusjonar. --Ranveig 15:57, 17 desember 2006 (CET)