Diskusjon:Tsjerkessia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opprør vs okkupasjonkrig[endre wikiteksten]

Eg ser formuleringa «Frå slutten av 1800-talet emigrerte mange muslimske tjerkessarar til Det osmanske riket etter ei rad opprør som blei slått ned av den russiske tsarmakta», og med den ligg det implisitt at det var ein de facto del av Russland på den tida.

Sidan Tsjerkessia var eit land med internasjonale diplomatiske relasjonar og rekna som sjølvstendig av Wien-kongressen (slik det står i engelsk utgåve av Wikipedia), og til og med hadde eige lovgjevande parlament 1861-1864, er kanskje den formuleringa litt problematisk. Serleg sett opp mot folkemordet av tsjerkessarar i samband med den siste runden av den nesten hundre år lange russiske-tsjerkessiske krigen, som enda med eit så godt som folketomt Tsjerkessia i 1864 (stadig i følgje engelsk utgåve av Wikipedia).

Eg har vanskeleg for å finne norske kjelder om dette, men den norske artikkelen burde kanskje i det minste vere litt meir i tråd med den, så langt eg kan sjå, godt kjeldelagte engelske? –Mortenoslash (diskusjon) 9. januar 2023 kl. 14:31 (CET)[svar]

Godt innspel. Eg fann ei norsk kjelde til ei enkel nyansering, men det går sjølvsagt an å skriva mykje meir detaljert, gjerne med referansar frå Engelsk Wikipedia. Ranveig (diskusjon) 9. januar 2023 kl. 15:26 (CET)[svar]