Diskusjon:Tussmørker

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skymest det som morgonen? Etter mitt øyra er det skyming (skumring) om kvelden, og grålysning om morgonen. Men både morgon og kveld er det tussmørker. Almanakken skriv tussmørker, og eg har lyst til å omdirigere til tussmørker og skrive at skyminga er om kvelden. Men eg gjer det ikkje om eg tek feil. Knut 07:17, 2 mars 2007 (CET)

Han Knut har rett i at skyminga er om ettermiddagen eller kvelden. Om morgonen er det grålysing. --Erling 07:40, 2 mars 2007 (CET)
Heilt rett. Tussmørker er ein tilstand, skyming og grålysning prosessar i kvar sin ende av natta. --Ekko 09:46, 2 mars 2007 (CET)
Kva med å seie som Elias Blix:"Sjå det dagast snart det lagast " Andreasv 11:46, 2 mars 2007 (CET)
På dansk: "Snart dages det, brødre, det lysner i øst," (Overby og Rasmussen) --Ekko 13:27, 2 mars 2007 (CET)
Skyming er ein prosess som går frå lys til mørke, ja. -- Olve 14:57, 2 mars 2007 (CET)

DÅ var det omdirigert, og eg har bytta ut ordet skumring med tussmørker, der det høver.

Det er feil det Knut skriv at almanakken skriv tussmørker,almanakken brukar tussmørke og tussmørket men ikkje fleirtalsforma.Dette er eit ord som ikkje blir brukt i fleirtalsform og sida bør flyttast til Tussmørke.(eller kan nokon gje gode dømer på setningar ordet er brukt i fleirtalsform). Sogning 17:37, 31 mai 2007 (CEST)

I 2006-almanakken står det på s 36: «Tussmørketabell for heile Noreg / Kor lenge tussmørkret varer - -» Tussmørkret er den bundne eintalsforma av tussmørker som er ubunde eintal, sjå òg i ordboka. I artikkelen står det om tre ulike slag tussmørker, men dette vert sjølvsagt noko teoretisk. - Knut 18:35, 31 mai 2007 (CEST)

Vell ,det er mange som har sagt mykje meir enn deg Knut utan å sei nokon ting, nokre feiloversettinger i denne artikkel er vel ikkje mykje å bry seg om. Tilbake tik spørsmålet mitt,gje meg eit par døme der det er rettare å bruke Tussmørker enn Tussmørke.

Sorry gløymde å signera og vil gjerne legge til :gje meg eit par døme der det er rettare å bruke Tussmørker enn Tussmørke /Tussmørket.Sogning 08:35, 1 juni 2007 (CEST)

«Mørker» og «mørke» er begge godkjente måtar å skriva ordet (i eintal) på. Dei blir derfor like «rette». --Ranveig 12:21, 1 juni 2007 (CEST)
Då eg ein gong tok til ords for ordet «Tussmørker», var det i staden for «Skumring». Rett nok visste eg ikkje at ein kan skrive «mørke» innanfor læreboknormalen på nynorsk, men om du vil ha fleire døme på bruken av ordet «mørker», treng du ikkje gå lenger enn til det andre verset i Bibelen: [1] - Knut 16:44, 1 juni 2007 (CEST)


Og like etter står det ljos ,så da bør vel sida som heiter Lys flyttast til ljos for å beholda trenden. Wikipedia er ikkje ei bok skriven av ein eller annan kverrulant,men eit oppslagsverk på internet. Her er døme på eit søk på søkemotoren [kvasir] : tussmørke :271 nettsider, tussmørket: 457 nettsider , tussmørker: 4 nettsider (2 av desse denne sida). Så sida Tussmørker ligg ikkje berre i tussmørke ,men i stummande mørke, og det er mange sider som ligg i tussmørke på nn wiki etter min meining.) So kva er vitsen med å laga nn wikipedia ,hvis ein på død og liv skal gjøyma sidene for folk. Sogning 17:35, 4 juni 2007 (CEST)

Gøymd? Prøv å søk på «tussmørke» og sjå kor du kjem. --Frokor 18:11, 4 juni 2007 (CEST)
Eg prøvde eit googlesøk, og fekk 51 treff for tussmørker, 1.610 for tussmørke, 37.800.000 for twilight. Maybe we all should start writing English? Men dei som søker på tussmørker, vi kanskje finne vår artikkel blant dei 51. Ville dei ha funne han blant dei 1.610 om vi kalte han tussmørke?
Det finst ulike strategier når det gjeld nynorsk språk, og nn-wikipedia har ikkje tatt stilling ut over det at vi skal følgje læreboknormalen i titlar. I dette tilfellet er både mørke og mørker godkjente hovudformer. Då artikkelen vart skriven, valde vi etterkvart forma tussmørker. Det ordet har stød i tradisjonell nynorsk, og i almanakken, som skriv om tussmørkret (og så skriv dei om lys). Å konsekvent velje fellesformer med bokmål der desse finst, vil vere å innføre ein ny praksis. Det bør i så fall diskuterast på samfunnshuset. - Knut 18:43, 4 juni 2007 (CEST)