Diskusjon:Tysk (fleirtyding)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Tysk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det er kanskje litt usemje om kva ei fleirtydingsside skal vere - eg for min del meiner dei bør vera så korte og enkle som mogleg - og iallfall trengs det ikkje meir enn ei lenkje til kvar side. Difor forkorta eg denne sida ein del.--Barend 18:50, 21 april 2007 (CEST)

Eg er usamd i endringa di. Skal det vera ei fleirtydingssida, kan ein jo ikkje ta vekk nesten alle tydingane. Og eg synest at du bør argumentera for denne type endringar før du endrar, ikkje etterpå. Slik kan du finna ut om det er stemning for endringa di, så du oppnår konsensus før du føretek drastiske kutt i ei sida. Du har jo trass alt endra ei sida som mange har vore med på å forma. Og når du fjernar alle andre tydingar, vert ordet "etnisk" heilt malplassert. Folk som har annan etnisk bakgrunn, vert òg kalla tyskarar, og det fangar du ikkje opp no. --Tannkrem 19:01, 21 april 2007 (CEST)
Det var kanskje litt drastisk å ta utan diskusjon, det er so. Men resten av det du skriv er eg usamd i. Alle tydingane er der enno, berre meir komprimert. Folk som har annan etnisk bakgrunn og vert kalla tyskarar, kjem under "personar frå Tyskland". Syner elles til praksis på t.d. engelsk og bokmål, som er lik mitt framlegg (sjølv om me sjølvsagt ikkje treng fylgja dei slavisk).--Barend 19:22, 21 april 2007 (CEST)