Diskusjon:Tyskland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg synest det er uheldig at det mellom innleiinga og historiedelen i artikkelen er eit stort ope rom. Mange går glipp av det som er nedanfor fordi dei trur det ikkje er meir når resten av skjermen er tom. Er det boksen med kort-fakta som gjer at historiedelen blir skubba så langt ned? --Erling 26. jan 2005 kl. 2101 (UTC)

Dette skjer ikkje i min nettlesar, men ser det betre ut nå? Eg flytta commons-lenkja nedover, trur den var syndaren. -- Ranveig 26. jan 2005 kl. 2113 (UTC)
No blei det mykje betre. Fint! --Erling 26. jan 2005 kl. 2117 (UTC)

Er det berre meg, eller er det litt snodig at når ein klikkar på lenka "prøyssisk" i setninga: "Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles" får lesa om husmannsplassen Prøysen i Ringsaker? Eg meiner å hugsa at adjektivet "prøysensk" har vore nytta om diktarens stil, men "prøyssisk" har vel vore reservert for annan bruk. Runar

Bra sett! Eg ser at omdirigeringa er ordna, men no er det faktisk slik at Preussen og Prøysen har noko med kvarandre å gjera. Det bør koma fram i begge artiklane. -- Ranveig 6. juli 2006 kl. 09:42 (UTC)