Diskusjon:Ulla-Førre

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Ulla-Førre[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Magasinkapasiteten må være feil. Ingen magasiner er på flere tusen Twh. Menes det Gwh?

Trur denne begynner å bli bra nå. Martin 8. januar 2011 kl. 23:37 (CET)[svar]

Ja, det er han. Eg ville kanskje hatt inn eit par fleire peikarar: Eg visste ikkje heilt kva brakkesjuke var, sjølv om eg fekk ein viss peil av teksten. Morene og hytte(landsby} burde kanskje òg få peikarar. Dette er ikkje noko som til, berre forslag, derfor har eg ikkje lagt dei inn. --Ranveig 9. januar 2011 kl. 12:41 (CET)[svar]
Det skal eg gjera. Når det gjeld brakkesjuke veit eg ikkje heilt om det fortener eigen artikkel. Eit google-søk viser at det er eit innarbeidd omgrep, men blir brukt på ulike måtar. Den måten eg meinte det på var den ein gjerne får i militæret, når ein bur i einsformige og keisame omgjevingar over lengre tid. Skal legga det inn i ein parantes. Martin 9. januar 2011 kl. 23:19 (CET)[svar]
Innhald og kjelder : Her er nok innhald, hadde kanskje venta å finne storleik på nedbørsfeltet. Få kjelder ligg bak artikkelen, det kan skyldast at lite finst for dette emnet. --Roar 14. januar 2011 kl. 17:07 (CET)[svar]
Ja, Videoarkivet sine videoar og Statkraft-heftet er så vidt eg veit dei einaste kjeldene med utfyllande innhald. Martin NH 14. januar 2011 kl. 18:35 (CET)[svar]
Utegløymt i går: Savna underartikkel om luftputekammer --Roar 15. januar 2011 kl. 10:07 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Er dermed ein god artikkel. Hogne 14. januar 2011 kl. 20:53 (CET)[svar]

Spørsmål[endre wikiteksten]

Har eit par spørsmål som eg er usikker på:

Helsing frå Martin 7. januar 2011 kl. 16:11 (CET)[svar]

Omdirigering: Ja. Eg veit ikkje om det er ei unøyaktig omdirigering eller ikkje, men om ho er det kan ho alltid rettast.
Flytting: Ja, om dette tydelege er klart mest brukt bør også me bruka det vanlege, innarbeidde namnet. --Ranveig 7. januar 2011 kl. 18:12 (CET)[svar]

Har eit spørsmål eg også:

Eg skreiv ei semesteroppgåva der Ulla-Førre var eit tema. Det ekistere framtidsplaner om å utvida effekten til både Saurdal og Kvilldal kraftstasjon ganske kraftigt for dimensjonera kraftverket meir for effektkjøyring. Eg har lysbileter og telefonsamtalar på dette frå Statkraft. Altså, det er ikkje bestemt, men noko dei ser på. Er det noko som bør/kan tas med? "Framtida for Ulla-Førre"? Dette usignerte innlegget vart skrive av Vifteovn (diskusjon · bidrag) 7. februar 2011 kl. 14.05

Det er mogeleg å skrive noko slik som: "I 2010 vart det presentert planar om ....[1]" dersom du har kjelder du kan presentere. Alle bilete du legg inn her må du ha rettigheiter til. Dersom bileta finst på nett, men du ikkje eig dei kan malen Eksterne media nyttast.
Eksterne bilete
http://www.bygg.no/cache/image/18474/53/ulla-f%C3%B8rre-bredde.jpg
Hogne 7. februar 2011 kl. 16:15 (CET)[svar]

Eit spørsmål om midlere årsproduksjon. På kraftverka i Ulla-Førre viser det seg å vera ganske store gap mellom dei tala som er oppgjevne på snl.no og i kraftverksoversikten til Suldal kommune (Miljøstatus i Suldal). Eit eksempel er Hylen kraftverk, som i følgje Suldal kommunes oversikt har 921,62 GWh, medan SNL oppgir 583 GWh. Dette gjeld alle dei tri store kraftverka. På Suldal kommune sine sider er det spesifisert Midlere årsproduksjon 1970-99, og SNL oppgir på sin artikkel om midlere årsproduksjon at For tiden benyttes vanntilsigsserien 1970-1999 som grunnlag for beregningen. Koss kan det ha seg at tala er så ulike? Har eg gått meg vill i måleeiningar, eller oversett noko anna? Martin NH 20. august 2012 kl. 18:10 (CEST)[svar]

Kan for øvrig legga til at dette infoarket frå NVE oppgir dei same tala for Kvilldal og Saurdal som Miljøstatus i Suldal. Martin NH 20. august 2012 kl. 18:20 (CEST)[svar]

Frå og med 2011 gjekk ein over til å nytte 1981-2010 som ny 30-årsperiode for midlare årsproduksjon, men eg kan aldri tenke meg produksjonen er så mykje mindre i 2000-åra enn i 1970-åra at det har nær halvert snittet. Eg trur nok eg ville heldt meg til tala frå Suldal kommune. --Frokor (diskusjon) 20. august 2012 kl. 18:33 (CEST)[svar]