Diskusjon:Unionsoppløysinga i 1905

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Eit par formuleringar eg reagerer på:

  • «Noreg tilhøyrte Sverige» – landa var vel i prinsippet likestilte under felles konge (personalunion)?
  • «Til 1884 var det den svenske kongen som utnemnte den norske regjeringa» – han var da visseleg både norsk og svensk konge?
Hattrem 9. jun 2005 kl. 1613 (UTC)
Einig med Hattrem her. Desse formuleringane får unionsoppløysinga i 1905 til å høyrast ut som ei frigjering av Noreg og ikkje berre eit brot med Sverige. Sjølv om patriotiske og nasjonalistiske krefter gjerne vil framstilla saka slik, er det neppe historisk korrekt. Noreg vart vel fritt alt i 1814, vi hadde berre ikkje ei eiga utrikesteneste før i 1905.
--Verdlanco\ordskifte 9. jun 2005 kl. 1908 (UTC)
Det er eit faktum ein ikkje kan komme ifrå at til 1884 var det kongen som suverent utnemnde den norske regjeringa, og denne kongen var svensk. Striden for parlamentarismen var så hard at embetsmannsstyret og høgresida planla militært statskupp mot Stortinget, og venstresida skipa skyttarsamlag over store delar av landet som ein folkemilits for å forsvare Stortinget. Denne striden for demokratisering var pga unionen også ein nasjonal frigjeringsstrid, som heldt fram, leidd av venstresida, fram til 1905. Unionsoppløysinga i 1905 var sjølvsagt eit ledd i den nasjonale frigjeringa, kva elles? --Erling 9. jun 2005 kl. 1927 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:08 (CEST)[svar]

[daud lenkje]