Diskusjon:Unix-variant

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Berre ein liten definisjon frå toppen av mitt hovud, om du kan forbedre den så føl deg fri til å endre den totalt, eg blir ikkje såra--antiKristian 18. mar 2005 kl. 1451 (UTC)

Vel, nøkkelordet her (Unix-aktig) rimar ikkje heilt i mitt språkøyre. Eg forstår kva du meiner, men det skurrar... Vert ikkje "UNIX-variant" brukt om dette (eg kan ta feil)? Slike som Sun Solaris, OpenBSD osb. --Bep 18. mar 2005 kl. 1518 (UTC)
Heilt rett, slik det står no er det dette det forklarar. Det eg derimort prøvde å forklare, men ikkje fekk til var eit system som minner om, men ikkje er Unix (Linux, Plan9, Minix, BSD osv (eg trur ikkje du kan kalle BSD for Unix då dei måtte skrive om all Unixkoda etter eit søksmål.)) Må lage ein ny, tydligare artikkel på Unix-aktig:)Kanskje det heller bør skrivast ein artikkel om Unix-kloner? --antiKristian 20. mar 2005 kl. 0448 (UTC)
No har ikkje eg noko imot småartiklar og slikt, men kan ikkje denne berre omdirigerast til Unix? Slik det står no trur eg er alt for enkelt, kva operativsystem er eigentleg unix sertifiserte? På sidene til the open group er det ikkje godt å finna noko slik lista, men heller ein haug med ulike standardar som ulike produkt kan sertifiserast etter og smykka seg med. Kan ikkje alle unix-liknande system eller alle som har som mål å bli mest mogleg unix-like kallast unix-variantar, og dermed ein del av dei unix-aktige? --Guttorm 20. mar 2005 kl. 1229 (UTC)
Kjem an på kva du legg i ordet variant. Linux er ikkje UNIX®, men det prøvar å oppnå [Posix] kompatibilitet, og på den måten ligne mest mogleg på Unix. Så vidt eg veit prøvar ingen å gjere Linux til Unix, du kan kanskje lenke dei ihop (dei ymse Unix-liknande operativsystema) som Unix-kloner, Posix-kompatibel eller Unix-liknande. Du kan kalle *BSD for Unix-basert, sidan *BSD ein gang var Unix kode (nå omskriven). Du kan kalle Solaris og AIX for Unix-variantar då desse er basert på standarar og kode frå AT&T sin Unix. Linux og t.d. Hurd på sin side, har blitt skrivne frå grunnen opp utan Unix verkty eller Unix kode. På det grunnlag trur eg ikkje du kan kalle alle Unix-liknande operativsystem for Unix-variantar. --antiKristian 23. mar 2005 kl. 0313 (UTC)