Diskusjon:Utdøydde artar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ser for meg at artikkelen burde liggja på utrydding eller liknande. --Njardarlogar (ordskifte) 29. februar 2016 kl. 18:25 (CET)[svar]

Tja. Han handlar om utrydda artar, og ikkje om prosessen som gjer at artar blir borte. Og heller ikkje om utrydding av språk eller kulturar. Dersom det ikkje kjem eit knallforslag til nytt namn, bør vi heller halde på namnet Utdøydde artar. --Knut (diskusjon) 29. februar 2016 kl. 18:34 (CET)[svar]
Eg ser ikkje heilt for meg kva ein artikkel om utrydding (av dyreartar) skulle handla som ikkje denne alt gjer. Interwikien bør då i alle fall endrast til noko slikt som en:Lists of extinct animals (som t.d. lenkjer til da:Uddøde dyr), sidan han no lenkjar til artiklar som handar om utrydding. --Njardarlogar (ordskifte) 1. mars 2016 kl. 12:48 (CET)[svar]
Eg tenkte ein del gjennom namngjevinga før eg oppretta artikkelen. Han er del av ein serie som tek for seg artar (ikkje berre dyr) som er utdøydde, truga eller livskraftige. For meg viser «utrydding» til noko som aktivt skjer, som når artar døyr ut på grunn av menneskeleg aktivitet eller katastrofar. I tillegg kan ein snakka om utrydding av andre ting, som sjukdommar, fattigdom eller i nokre høve folk. Nokre av desse bør det kanskje skrivast om ein gong. --Ranveig (diskusjon) 1. mars 2016 kl. 15:46 (CET)[svar]
Men kvifor fleirtalsform (ikkje utdøydd art)? Andre alternativ er utdøying av artar, utdøying i biologi (jf. utdøying av språk osb.; med andre ord fleirtydingstitlar). --Njardarlogar (ordskifte) 2. mars 2016 kl. 12:11 (CET)[svar]
Flytting til eintalsform har eg ikkje noko imot. Eg veit ikkje om fleirtydingstitlane trengst, men fleirtydingsside treng me tydelegvis. --Ranveig (diskusjon) 2. mars 2016 kl. 14:36 (CET)[svar]