Diskusjon:Våg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter Kristian IVs Norske lov var det 3 bismarpund eller 72 merker i ei våg iver det meste av landet. Men den skal ha tunga rett i munnen, som les desse gamle lovene. Etter den litteraturen eg har sett, er ei våg om lag 18 kg (72*257,18) kg= 18,5 kg.Knut 21:04, 23 januar 2007 (CET)

Vekt eller masse?[endre wikiteksten]

Her det noko som ikkje stemmer. Vekt (ei kraft med SI-eining Newton) og masse (SI-eining kg) er to forskjellige ting. Så om ei våg tilsvarar eit vist antal kg må våg vera eit ei masseeining, ikkje ei vekteining. --Sigmundg 22. februar 2010 kl. 22:23 (CET)[svar]

Du har sikkert rett, men om du les lova frå 1875 (§§ 3 og 4) eller ei gamle lovene, ser du at dei kaller våga for ei vekteining, på same måte som marken og pundet. Eg trur ikkje dei gamle lovgjevarane skilde mellom vekt og masse. Og da spørst det kor mykje det har for seg å innføre eit slikt skilje i ettertid, når det gjeld desse gamle (og ofte omtrentlege) vekteiningane? --Knut 22. februar 2010 kl. 23:03 (CET)[svar]
Fysike lover tek ikkje omsyn til historiske juridiske lover. I eit leksikon forventar ein å finne rett informasjon, så ein ikkje surra saman masse og vekt. Dette lyt rettast opp! --Sigmundg 22. februar 2010 kl. 23:37 (CET)[svar]
I normal norsk språkbruk som definert av Nynorskordboka og Bokmålsordboka er «vekteining/«vektenhet» bruka om (makronivået av) det vi i fagområdet fysikk heller kallar «masseeining»/«masseenhet», medan «masseeining»/«masseenhet» spesifikt blir bruka om atomær masse. Språk er ikkje definert av fysiske lover åleine... :) Olve Utne 23. februar 2010 kl. 08:27 (CET)[svar]
Orbøker er nyttige til sitt bruk, men dei er ikkje til stor nytte når ein ynskjer å læra om fysikk. I den samanhengen kan dei vera til meir skade enn gagn. Ei bokhylle uten ei einaste fysikkbok er ei skral bokhylle. --Sigmundg 23. februar 2010 kl. 22:25 (CET)[svar]
I normal språkbruk er det nok heilt rett slik det står, men er som Sigmund seier teknisk sett to forskjellige ting. Ein ser det same med hastigheit og fart. Det er i røynda to forskjellige, men nært knytte, ting som nok dei aller fleste blandar i hop. Varme og temperatur òg. Så då er ein tilbake til ein diskusjon me har hatt fleire gonger: skal ein gå for det som er heilt rett, eller det som folk fleste er vande me. --Frokor 23. februar 2010 kl. 09:29 (CET)[svar]
Det bør gå an å formulere seg slik at ein tar omsyn til både alminneleg språkbruk og det fysisk korrekte. No er ikkje eg 100 % sikker på om det er vekt eller masse vi måler med ein bismar, men det er vel enklast å halde seg til omgrepet masse. Artikkelen kan uansett ha godt av ei opprydding, slik at strukturen vert meir pedagogisk. --Knut 23. februar 2010 kl. 12:11 (CET)[svar]
Det er eigentleg eit godt spørsmål kva ein eigentleg måler og kanskje ikkje like opplagt som ein skulle tru. Årsaka til at masse og vekt blir nytta så mykje om ein annan er fordi dei er så sterkt korrelerte. Same kor ein er på jorda, så måler ein nesten den same vekta på same lekam (det skil 0,5 % på vekta mellom polane og ekvator). Vekta til ein lekam på månen er til dømes 1/6 del av vekta til den same lekamen på jorda. I verdsrommet er ein vektlaus. Massen vil deriomt vere den same. La oss sei du målar noko med ein masse på 1 kg med ein bismar. Loddet må stå i same posisjon på jorda som det må på månen for at det skal vere balanse, sidan både det du måler og loddet prosentvis mister like mykje vekt. Derfor er det massen ein måler, sidan massen er konstant. Står du på ei badevekt er det vekta di du måler, sidan ho vil vise noko heilt anna på månen enn på jorda. --Frokor 23. februar 2010 kl. 18:00 (CET)[svar]

Dette vart til eit hugkveikjande ordskifte. Framstillinga til meterologen var både vettug og pedagogisk.

Vist kjem han fyrst fram den som går strake vegen, men rikast til målet kjem han som tek omvegen.--Sigmundg 23. februar 2010 kl. 22:17 (CET)[svar]