Diskusjon:Vålerenga

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytting av hus frå bygdene[endre wikiteksten]

Eg har saksa det fylgjande frå mi eiga brukarside:

I artikkelen om Vålerenga står det om dei små trehusa: Enkelte av husa var kanskje eldre hus frå innflyttarane sine heimstader.. Kanskje må jo vekk, men finst det belegg for dette, eller må me ta vekk heile setninga? --Ekko 22:18, 19 november 2006 (CET)

Kanskje må bort. Det finst faktisk prov for at i det minset eitt hus på Vålerenga var tilflytt frå ei Austlandsbygd, truleg ein stad på Romerike. Då huset vart flytt frå Enebakkvegen 16 til Gamlebyen på Norsk Folkemuseum og atterreist på 1980-talet, fann ein tydelege teikn på at det må ha vore bygt ein gong på 1700-talet, og mange spor etter tidlegare flytting. Eg leia atterreisinga, men har ikkje no tilgang til dokumentasjonsmaterialet ved museet. Det er kanskje nok å vise til føraren til friluftsmuseet: Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, Oslo 1996, s. 134. ISBN 82 90036-49-3.
Der står: "Forstadshus fra Enebakkveien 16, Vålerenga, Oslo, ca. 1879. Huset er i det ytre en enkel bygning i sveitserstil. Bak fasadepanelet er det tømmervegger fra 1700-tallet. Huset kan være flyttet til Vålerenga av en innflytter fra Romerike. Slik flytting av hus kjenner man flere eksempler på. ..."
Roede 15:02, 2 januar 2007 (CET)