Diskusjon:Vårofferet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Vårofferet[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har arbeidd ein del med denne, og har skrive om lag 50 støtteartiklar. For det meste basert på omsetjing av den engelske artikkelen, men har strukturert om ein del og omarbeidd noko. Helsing frå Martin 5. august 2009 kl. 14:49 (CEST)[svar]

Eg stemmer for når eg har lese gjennom han meir grundig og når originalteksten frå dei omsette sitata vert lagde til i referansane. Sjå t.d. R.E.M. for korleis dette kan gjerast. --EIRIK\diskusjon 14. august 2009 kl. 20:39 (CEST)[svar]
Har lese gjennom, og har desse kommentarane:
  • «Premieren fann stad 29. mai 1913 i Paris' Théâtre des Champs-Élysées …» – Denne skrivemåten uttrykkjer eit eigeforhold som eg synest vert litt merkeleg, for det er vel ikkje byen Paris som eig teateret. Det er ikkje sikkert du er einig, men eg føreslår å endre dette til «… i Théâtre des Champs-Élysées i Paris …»
    • Fiksa.
  • Eg har problem med å forstå kva den siste setninga i det fyrste avsnittet under «Pianoversjonen og tempomarkering» viser til.
    • Prøvd å retta, forståelig nå?
  • Må ordet «Introduksjonen» i fjerde avsnitt under «Stiltrekk» skrivast med stor I?
    • Nei, det var ein skriveleif.
  • Det er ein del sitat som manglar kjelde i fjerde og femte avsnitt under «Stiltrekk».
    • Det er nok framleis sitat frå George Perle. På en: har dei bare skrive sidetal, skal me gjera det her òg?
  • Eg forstår kva du meiner i aller siste setning under bolken «Stiltrekk», men setninga kan også tolkast som at det var den engelske tittelen som var så viktig for den komande klassiske musikken.
    • Prøvd å betra formuleringa.
  • Den siste setninga i avsnittet «Innverknad» er noko tung. Kan ho gjerast lettare fordøyeleg på nokon måte?
    • Har prøvd.
  • I avsnittet «Kjelder», både i litteraturkjeldene og fotnotane, er det ein del som ikkje er omsett, og kjeldene er sette opp på ein «engelsk» måte.
    • Eg kan lite om kjelder, og om koss dei skal setjast opp. Kanskje nokon kunne ha hjelpt med det?
  • Fint viss du kunne ha laga meir skildrande tekstar til referansane 9–22.
    • Fiksa.

Men dette er jo berre pirk frå mi side. Alt i alt er jo artikkelen kjempegod både språkleg, så vel som innhaldsmessig. --EIRIK\diskusjon 14. august 2009 kl. 21:46 (CEST)[svar]

Takk! Helsing frå Martin 15. august 2009 kl. 00:36 (CEST)[svar]

Eg røystar FOR, men skulle gjerne også hatt ein norsk referanse/norsk vinkling eller to. Eg høyrde Vårofferet i konserthuset med filharmonien under leiing av Mariss Janssons i 1993, og det var ei sterk oppleving. "Det var ei sterk oppleving," seier Brukar:Bep. Sjå, der har du den norske referansen. --Bep 14. august 2009 kl. 22:01 (CEST)[svar]

:-) Det same gjer eg, men eg håpar ikkje kommentarane mine går i gløymeboka … --EIRIK\diskusjon 15. august 2009 kl. 00:07 (CEST)[svar]
Og det gjorde dei ikkje. Tusen takk for rettingane, Martin. No «godgjer» eg han! :-) --EIRIK\diskusjon 16. august 2009 kl. 12:18 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Instrumentasjon[endre wikiteksten]

Det må vel vere nokre feil (eller uklårt) i tabellen over instrumentasjon.

Det står "doblar pikkolo 2" etc. medan pikkolo kun står oppført med 1, same med engelsk horn osb.

Talordet burde stå framom pikkolo, engelsk horn, bassklarinett, kontrafagott... Det bør vel også gå fram kva for utgåve det er snakk om, sidan denne har vore revidert fleire gonger.

http://www.kennedy-center.org/calendar/?fuseaction=composition&composition_id=2841

--Bep (diskusjon) 19. mars 2012 kl. 00:16 (CET)[svar]

Hei, Bep! Orsak for eit litt seint svar... Doblar pikkolo 2 skal altså (etter som eg forstår det) tyda at den tredje "vanlege" fløytisten spelar pikkolofløyte av og til, og då fungerer som pikkolofløyte 2 (sidan han/ho som bare spelar pikkolofløyte alltid er pikkolofløyte 1). Eg saksa denne instrumentasjonsoversikta frå en: i si tid, og ho er der ennå (trass i at artikkelen elles har fått ei grundig overhaling og utviding). Det står ingenting der om forskjellar i instrumentasjon frå utgåve til utgåve - kanskje han er lik? Eg har ikkje lukkast i å finna informasjon om dette andre stader. Helsing Martin NH 10. oktober 2015 kl. 10:32 (CEST)[svar]