Diskusjon:Vaffel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Eg reagerer litt på artikkelnamnet her. Hadde det ikkje vore meir naturleg å ha artikkelen på vaffel eller vaflar? Vaffelkake ser likevel ut til å vera ein underkategori av vaffel etter ordlyden i denne artikkelen å dømme... -- Olve 23:32, 10 desember 2006 (CET)

For For flytting til vaffel. --Ranveig 23:53, 10 desember 2006 (CET)

Ordet vaffel vert vel brukt om sjølve rutemønsteret òg. Til dømes i vaffelkjeks og vaffelsaum. Det må iallfall fangast opp på ein eller annan måte. --Tannkrem 01:22, 11 desember 2006 (CET)

Det er rettnok sekundært. Nemne det i artikkelen og evt. ha eigne artiklar om vaffelmønster og vaffelsaum, kanskje? :) Olve 01:24, 11 desember 2006 (CET)
Eg trur vaffelsaum bør ha eigen artikkel, om det då finnest nokon her som har sy-kompetanse og kan skriva han. Vaffelmønster er jo berre namnet på mønsteret på ein vaffel. Så der er det nok å skriva det i denne artikkelen, og omdirigera vaffelmønster hit. --Tannkrem 01:32, 11 desember 2006 (CET)