Diskusjon:Vaksdal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Burde ikkje denne artikkelen eigentleg liggja under Vaksdal? Så kan me flytta artikkelen om kommunen Vaksdal til Vaksdal kommune? For det er jo kommunen som er kalla opp etter staden, ikkje omvendt. "Vaksdal i Vaksdal" er iallfall litt i overkant klønete. Det burde i so fall vera "Vaksdal i Vaksdal kommune" og det er jo òg ubrukeleg. Er det nokon som er usamde? --Tannkrem 12:23, 30 mai 2007 (CEST)

Ja. Kommune er ei større eining enn ein tettstad. For dei som kjem utanfrå vil det vera naturleg å søka etter informasjon om kommunen ved å sjå etter Vaksdal. Derfor bør informasjonen om kommunen vera lettast å finna. Eigentleg treng me vel ikkje eigne artiklar om tettstader, dei kunne stått like fint i kommuneartikkelen -- men folket vil ha mange artiklar, såh... --Ranveig 12:55, 30 mai 2007 (CEST)
Ja, då seier me det sånn.--84.210.106.155 21. august 2010 kl. 17:35 (CEST)[svar]