Diskusjon:Storbjørnemose

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva kjelder har me på at vanleg bjørnemose er den vanlegaste mosearten? Ut frå det eg har lært, er ulike artar torvmose (en:Sphagnum) dei vanlegaste høgare plantane i verda generelt, og i nordområda spesielt. No er artsstadfesting av ulike torvmose uhyre vanskeleg, så det er ikkje lett å seie noko bastant om utbreiinga til dei einskilde artane, men det er framleis nok til å gjera meg usikker.--Gunnar Mikalsen Kvifte 18:41, 20 januar 2008 (CET)

Ingen. Kjelda eg har bruka (Lye) seier at det er den vanlegase bjørnemosearten, og det er noko heilt anna. Bryologi er ikkje av mine sterke sider, så om du finn fleire feil i det eg har skrive, kan du rette utan vidare. Det kan jo hende at eg prøve meg med artiklar om tre-fire moseartar til, så ver på vakt : ) - Eg har retta det no; takk for påpasseleg blikk. - - Knut 20:19, 20 januar 2008 (CET)

Vanleg bjørnemose?[endre wikiteksten]

I fylgje mosekompendiet BI2002, Faunistikk og floristikk i Norske økosystemer (NTNU), er det norske namnet på P. commune 'storbjørnemose', ikkje 'vanleg bjørnemose'. Kan nokon klara opp, eller evt. flytja artikkelen?Zjanes

Eg har ikkje Lye sin Moseflora for handa, men det er vel så enkelt som at ulike forfattarar har bruke ulike norske namn. Dersom norske bryologar har normert namna, bør vi halde oss til norma - elles kan vel det eine vere like rett som det andre. -Knut 29. juli 2008 kl. 09:59 (CEST)[svar]