Diskusjon:Vasskraftverk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjølv om «kraftverk» vert nytta i daglegtalen er det eigentleg ein grov feil å tala om «kraft» når ein meiner «energi». Grunnen til at eg tek opp dette er at Wikipedia truleg vert nytta som kjelde for skuleoppgåver og då er det viktig at det som står her er rett.

Om ein skal døma etter avisoverskriftene (og mange fjernsynsprogram) og er det òg mange journalistar som kunne ha godt av ei oppfrisking i elementær fysikk.

Rettast ville det vera å nytta ordet «energiomformar» i staden for «kraftverk», men det er kanskje litt tungt. Kva med å bytta ut «kraftverk» med «energiverk» i artikkelnamn som «Vasskraftverk», «Kjernekraftverk», osb.? --Sigmundg 23:34, 18 september 2007 (CEST)

Problematisk å bytte ut innarbeidde namn med sjølvlaga, sjølv om dei skulle vera meir korrekte. Truleg betre å legge inn eit lite avsnitt i kvar artikkel, om kvifor det vanlege namnet er feil. --Ekko 08:34, 19 september 2007 (CEST)
I fylgje nynorskordboka er eit energiverk eit føretak som driv med distribusjon av energi energiverk ~verk (av II verk) føretak som distribuerer energi i form av elektrisitet, gass el. fjernvarme medan eit kraftverk er; verk (av II verk) anlegg der det blir produsert elektrisk *kraft. Om kraftverk er feil, må ein kanskje ta det opp med ordbokredaktørane først før ein endrar i stor skala her på wikipedia. --Gunnernett 10:49, 19 september 2007 (CEST)
Ja, dei tidlegare «kraftlaga» fortener stor ære for at dei har retta opp denne feilen og no kallar seg «energiverk».
Eg vil ikkje legga så stor vekt på Nynorskordboka (eller andre ordbøker) i denne samanhengen. Filologar skriv rett nok (mykje) betre norsk enn ingeniørar, men ikkje alle filologar har like gode kunnskapar i elementær fysikk som i norsk.
Eg er heller ikkje samd i at Wikipedia skal repetere feil berre av di feila er godt innarbeidde.
Når det gjeld ordbokredaktørane vil eg at dei i framtida kanskje vil nytte Wikipedia like mykje som vi wikipedantar nyttar ordbøker. Og da er det viktig at det som står på Wikipedia er rett.
Men eg kan vera samd i at det truleg er for seint å laga eit nytt ord for «kraftverk», så framlegget til Ekko kan tykkjast eit bra kompromiss. Så får det stå sin prøve at eg alltid tenkja på det urimelege i namnet «Deutsche Demokratische Republik» når dagsrevyen meller om at kraftprisane går opp eller ned.
--Sigmundg 17:54, 19 september 2007 (CEST)
Kva med meg då? Det står i anatomibøkene at me har eit høgre og venstre hjartekammer, sjølv om alle veit at det burde heite fremre og bakre hjartekammer, evt. øvre og nedre om du er nyfødd. Men medisinarstudentane berre står der som spørsmålsteikn når eg seier «framre». --Ekko 18:22, 19 september 2007 (CEST)
Då tykkjer eg det er all grunn til å gjera dette klårt på Wikepedia. Men det har du kanskje alt gjordt? Det er heller ingen ting i vegen for å ta kontakt med forfattarane av lærebøkerne. Men no kjem eg til å lura på om «taksemd» kjem frå fremre eller bakre kammer. --Sigmundg 19:32, 19 september 2007 (CEST)