Diskusjon:Veng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein artikkel med potensiale[endre wikiteksten]

Ein merknad til meg sjølv og andre: Få denne artikkelen opp på nivået han fortener.--Bep 28. mai 2008 kl. 23:09 (CEST)

Finne?[endre wikiteksten]

Er ein veng ein type finne? Kanskje ikkje viss finnar alltid er vende vertikalt, slik som halefinnar og ryggfinnar, men finnar brukast òg om 'venger' på båtar, sjå https://snl.no/stabilisator_p%C3%A5_skip Finne er her direkte omsetjing av en:fin, men det kanskje heilt galt?

--Roar (diskusjon) 5. mai 2016 kl. 10:00 (CEST)

Veng og vengje[endre wikiteksten]

I ordlista har vi

  1. Ein veng http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=Veng&nynorsk=+&ordbok=nynorsk&alfabet=o
  2. Ei veng(j)e http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=Vengje&nynorsk=+&ordbok=nynorsk&alfabet=o

Eg har fått dette forklart slik at den første forma i hankjønn er det opphavlege nynorskordet i dei fleste dialektar, nr 2 er meir ein bokmålshybrid. Etter mi meining bør vi gjennomføre hankjønnsforma konsekvent. Det er nemnt at dyrenemningar / organismenamn som sluttar på -vengje er grei bruk av hokjønnsforma, men eg ser artsnavnebasen http://www2.artsdatabanken.no/artsnavn/Contentpages/Sok.aspx i alle høve skriv -venger utan j.

Etter siste rettskrivinga har vi lov å bøye ein veng med a-formene i fleirtal. --Roar (diskusjon) 8. mai 2016 kl. 13:20 (CEST)