Diskusjon:Verdas land

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statar eller land?[endre wikiteksten]

Både India, Russland og USA er sjølvstendige statar, sjølv om dei er sette saman av ulike delstatar. Stat vert ofte brukt med tydinga land, sjå t.d. bokmåls- og nynorskordbøkene.

Elles kunne me kanskje ha flytta lista til "Verdas land", slik eg ser t.d dansk wikipedia har. Det ser litt finare ut og er kanskje òg meir intuitivt. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 16:10 (UTC)

OK, eg var usikker på om USA, India osb. var statar. (Bokmåls- og nynorskordboka hjelpte ikkje i so måte.) Men eg er for flytting til Verdas land, òg av di eg ikkje likar artiklar med ordet "Liste" i tittelen. Eg tykkjer lister bør koma som ein naturleg del av emnet i ein artikkel (som Verdas land), ikkje som eigne oppslagsord under bokstaven L. Men eg veit at det er vanleg praksis i nesten alle Wikipediaar å laga "Liste over..."-artiklar, so eg godtek det her òg.
--Verdlanco (diskusjon) 3. jan 2005 kl. 17:53 (UTC)
Eg trur at lister kanskje er ein rest frå tida før kategoriar. Dei kan vera fine å ha dersom ein manglar artiklar i eit sett, eller treng å skapa eit oversyn. Men som regel går det an å kalla dei noko anna enn lister.
Det går forresten an å sortera artiklar i kategoriar under den bokstaven du vil. Skriv [[Kategori:Lister|Statar]], til dømes, så kjem lista under S. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 18:31 (UTC)

«verdas»[endre wikiteksten]

Er eigentleg «verda» eit eigennamn på den måten at genitivskonstruksjonen her er korrekt? --Harald Khan Ճ 2. juni 2010 kl. 10:33 (CEST)[svar]

Det går nok an å bruka s-en, elles ville vel ikkje språkrådskribentar skrive «verdas». Men i akkurat denne artikkelen ville kanskje «Landa i verda» eller noko slikt vore vel så dekkande for å skildra kva han inneheld. --Ranveig 2. juni 2010 kl. 21:33 (CEST)[svar]
Absolutt, eg synest at formuleringa «verdas land» verkar noko kunstig. --Harald Khan Ճ 2. juni 2010 kl. 21:58 (CEST)[svar]